Vi kan bli 15 milliardar menneske på jorda

(NPK-NTB-AFP): Befolkninga i verda vil truleg vere 10 milliardar i 2100, ifølgje FN. Men tala er usikre, og det er fullt mogleg at folketalet stig til 15 milliardar.

Publisert 26.10.2011 kl 15:36 Oppdatert 26.10.2011 kl 15:36

Tips ein venn på e-post:

Det går fram av ein ny rapport som FNs befolkningsfond (UNFPA) la fram onsdag. Miljøminister Erik Solheim (SV) var til stades under ei markering i Oslo i samband med lanseringa.

Ein av grunnane til at det er vanskeleg å seie korleis folketalet vil utvikle seg, er at vi ikkje veit kor mange barn kvinnene i framtida vil velje å få. Små endringar i fertiliteten gir store forskjellar i prognosane 90 år fram i tid.

Det er delte meiningar om kor alvorlege konsekvensane vil bli av at befolkninga på jorda framleis veks. Medan folketalet aukar raskt i ein del fattige land, har befolkninga byrja å falle i fleire land med høgt og middels inntektsnivå.

– Korleis vart vi så mange? Kor mange menneske kan leve av jordas ressursar? Dette er viktige spørsmål, men kanskje ikkje dei rette for tida vår. Når vi berre ser det høge talet, så risikerer vi å bli overvelda og miste av syne dei nye moglegheitene til å skape betre liv for alle i framtida, meiner UNFPAs leiar Babatunde Osotimehin. (©NPK)



På forsiden nå


...

Etterlyser kopartjuvar

Voss Politiet veit førebels ikkje kor mange tonn kopar tjuvane fekk med seg frå rubbhallen til Norsk Jernbanedrift i pinsen. No ber dei eventuelle vitne melda seg. Les meir

...

Vossarebellar på Norge rundt

Voss Gjekk du glipp av innslaget med dei unge rockabilly-musikarane i The Vossa Rebels på Vestlansrevyen tysdag, er det ingen grunn til å fortvila. Les meir

Mai-foto

...

Klikk for epost, MMS til 2005, kodeord hofoto, b.tekst fotograf. Klikk og publiser/sjå foto på Hordatunet.no

Sjå bilete

...

Vår og sommar – hand i hand

Biletgalleri 17. mai kom varmen og i pinsen har vår og sommar komme hand i hand. Les meir

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Trond Syversen
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.