Forskingsrådet kuttar kjønnsforsking

(NPK-NTB): Forskingsrådet legg ned det særskilde programmet for kjønnsforsking når det noverande programmet går ut neste år.

Publisert 24.11.2011 kl 07:51 Oppdatert 24.11.2011 kl 07:51

Tips ein venn på e-post:


– Kjønnsforskinga er godt etablert som eit eige forskingsfelt i Noreg i dag. Dei fremste forskarane på feltet hevdar seg godt i andre program i Forskingsrådet og på den opne arenaen Fri prosjektstøtte, seier Forskingsrådet i grunngjevinga si.

No skal kjønnsperspektivet i staden integrerast i forskinga generelt.

– Dette står høgt på agendaen til Forskingsrådet, og policyen vår er at kjønnsperspektiv skal integrerast i den forskinga Forskingsrådet finansierer, heiter det frå Forskingsrådet.

Fagmiljøa er likevel ikkje nøgd. Både Forening for kjønnsforsking i Norge og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK) ved Universitetet i Oslo skal i brev ha argumentert for at programmet burde halde fram også etter 2012, skriv Klassekampen. Halvparten av aktiviteten på STK blir i dag finansiert via Forskingsrådet.

Seksjonssjef ved STK, Oddrun Rangsæter, seier til Klassekampen at rådet i eit brev til Forskingsrådet bad om at programmet for kjønnsforsking skulle halde fram fordi faget ikkje er godt nok institusjonalisert.

– Fagrådet ved STK er uroa for at det Forskingsrådet kallar «kjønnsperspektiv» i realiteten blir til spørsmål om likestilling – kor mange kvinner som deltek på prosjektet og liknande, seier ho. (©NPK)

Mest lese no

...

Møk på avvegar

Nyhende - Heilt forferdeleg, seier bonde Arnfinn Gjerdåker, etter at ein gjødselkumme har kollapsa på garden hans.Les meir

...

Trailerar i grøfta

Trafikk VOSSESTRAND: Onsdag morgon sklei ein norskregist-rert trailer av vegen ved Tvinne. Les meir

...

- Aldri opplevd det verre

Trafikk Viking Redningsteneste har sidan kl 02 i natt jobba med å få trailerer opp att på vegen. Dei første hamna i grøfta ved byrjinga av Åsbrekkegjelet - 1 km nord for Tvinne på E16. Les meir

...

Rasfare flytter kolonne-kø

Trafikk VALLAVIK: Vegvesenet har fått varsel om rasfare, og flyttar oppstillinga for kolonna i Vallavik. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

TIPS OSS

Vakttelefon redaksjon: 4747 1883
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

Redaksjonen

Redaktør: Sigmund Midttun
Epost: smi@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no

ANNONSE OG ABONNEMENT

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.