Meiner Lysbakken er svekkja som leiarkandidat

(NPK-NTB): Sjølvforsvarssaka har kome fram som ein storm i eit vassglass, men er no blitt meir alvorleg for den påtroppande SV-leiaren Audun Lysbakken, meiner partibiograf Frank Rossavik.

Publisert 22.02.2012 kl 19:24 Oppdatert 22.02.2012 kl 19:24

Tips ein venn på e-post:


– For første gong sidan Kristin Halvorsen i haust varsla om avgangen sin som SV-leiar er eg ikkje 100 prosent sikker på at Audun Lysbakken blir etterfølgjaren hennar. Statsrådar er blitt felt for mindre enn dette, seier Rossavik til NTB.

Kommentatoren og journalisten bak SV-biografien «Fra Kings Bay til Kongens bord» meiner Lysbakken openbart er svekkja i partiet, men er usikker på kor svekkja han er. Han meiner korleis statsminister Jens Stoltenberg (Ap) vurderer saka kan bli ein avgjerande faktor for Lysbakkens framtid i partiet.

– Eg tvilar på om partiet vil velje han som ny leiar viss denne saka førar til at han må gå av som statsråd. Dette er ei dårleg sak å bli kastet på dersom ein vil bli leiar i eit moralistisk parti som SV, seier han.

Stoltenberg uttalte til TV 2 onsdag at han har tillit til Lysbakken som statsråd og vektlegg orsakinga hans. Statsministeren legg dessutan vekt på Lysbakkens «veldig mange gode kvalifikasjonar og dugleikar».

Mest lese no

...

Voss fall saman mot Øystese

Fotball Eirik Een og Voss kjempa jamt med Cato Guntveit og Øystese, men då Eirik Hauge vart utvist i 2. omgang fall Voss fullstendig saman. Les meir

...

- Me vil ha merksemd

Voss Saktekøyrde med traktor gjennom gatene og sperra inngangen til tinghuset med traktor og møkavogn Les meir

...

Ny aksjonssesong i Hardanger

Lokalnytt HARDANGER: Laurdag 19. mai går startskotet for ein ny sesong med aksjonar mot Statnett si kraftlinjebygging i Hardanger.Les meir

...

Bøndene sine prisar rasar

Forbrukar I løpet av dei siste 25 åra har prisane på norske bønder sine varer gått kraftig ned, utan at forbrukerane har merka noko til det. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Redaksjonen:

Konst.red.: Geir Geitle
Epost: gg@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.