(NPK-NTB-Reuters): Tyrkia har mist kontakten med eit militærfly i den søraustlege provinsen Hatay, nær grensa til Syria, opplyser det tyrkiske militæret.
Flyet tok fredag av frå Erhac-flyplassen i den austlege provinsen Malatya og forsvann frå radaren då det flaug over sjøen utanfor kysten av den søraustlege Hatay-provinsen.
Det tyrkiske forsvaret har sett i gang ein leiteaksjon etter flyet.
Ifølgje CNN Turk har flyet styrta i Syria, skriv nyheitsbyrået Reuters. (©NPK)