Kina forbyr reklame for Hurtigruten

(NPK-NTB): Hurtigruten har satsa tungt på den kinesiske marknaden, men no er reklamekampanjane til selskapet forbodne i Kina.

Publisert 29.06.2012 kl 19:55 Oppdatert 29.06.2012 kl 19:57

Tips ein venn på e-post:

Kommunikasjonsdirektør Ragnar Norum i Hurtigruten seier til TV 2 at selskapet ikkje lenger får lov å marknadsføre Noreg og Hurtigruten i Kina. I år hadde ein venta 7.000 gjestedøgn med kinesiske turistar på skipa.

– Vi har jobba hardt på dei asiatiske marknadene dei siste åra. Det hadde endeleg byrja å losne litt, så det er veldig synd at det no blir stopp, seier Norum.

Boikotten til Kina er allereie merkbar. To fulle charterfly med 500 kinesiske turistar skulle etter planen ha landa på Evenes til hausten med gjester til Hurtigruten.

– Alt var planlagt og bestilt. Også datoane var fastsett, men no er det altså stoppa, seier Norum.

Han håpar den kinesiske boikotten er midlertidig, sidan Noreg var på god veg inn i den kinesiske marknaden. (©NPK)



På forsiden nå


...

Til Voss på skåringstokt

Fotball 1.divisjonskampen mellom Fbk Voss og Sarpsborg 08 enda 0-3. Gjestene tok regien gjennom heile 1.omgang, og vossadamene fekk ein tøff kamp i forsvar. Les meir

...

Flaumvatn under nyebrua

Voss Eit flaumstort Vangsvatn har teke tak i byggjeutstyr og materiale under den nye brua på Seim. Les meir

17.mai-foto Voss

...

Alle foto: Knut Saglien

Sjå bilete

...

Juniorlaget imponerte

Fotball Fbk Voss sitt juniorlag vann 3-1 over Hallingdal laurdag, og går dermed vidare til tredje runde i NM. Les meir

Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.