(NPK-NTB): Norske romfolk meiner styresmaktene ikkje viser vilje til å hjelpe dei. Regjeringa innrømmer at planen for å betre levevilkåra for norske romfolk ikkje har fungert.
Regjeringa vedgår at rom-tiltak har slått feil
I 2009 blei «handlingsplanen for å betre levevilkåra for rom i Oslo» lagt fram, med ti tiltak som skulle hjelpe norske romfolk til eit betre liv.
– Dei er ikkje villige til å følgje opp, og den viljen har ikkje forandra seg med handlingsplanen. Vi opplever det same gamle, folk har ikkje respekt for oss, seier Johannes Andreas Muller, leiar for Den norske rom-foreining til Aftenposten.
Blant anna er vaksenopplæringstilbodet prega av lågt oppmøte, og arbeidet med rekruttering av rombarn til barnehagen er førebels ikkje gjennomført.
Muller opplever at møta med styresmaktene ikkje fungerer godt nok, og no innrømmer regjeringa at tiltaka ikkje har virka som planlagt.
– Vi ser at vi ikkje har treft heilt, og på opplæringssida er vi på leiting etter ordningar som fungerer betre, seier statssekretær Tone Toften i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. (©NPK)