(NPK-NTB-Ida Kroksæter): Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete seier det er uaktuelt å prioritere jernbane på kostnad av veg. Det er eit brot på klimaforliket, meiner Venstre.
– Eg er villig til å satse store summar på intercity, men ikkje på kostnad av veg, seier Navarsete til VG.
Navarsete seier dermed nei til planen om at intercity-triangelet skal stå ferdig innan 2023.
– Eg er ikkje villig til å seie at dette prosjektet er viktigare enn å oppgradere vegane våre. Vi kan ikkje leggje fram ein Nasjonal Transportplan som seier: «Beklagar folkens, E39 og E6 nordover får bli som det blir». Nei, det går ikkje, utdjupar Navarsete, som viser til at jernbane allereie får ein tredel av samferdselsbudsjettet, sjølv om jernbane berre utgjer 5 prosent av samferdsel på veg og bane.
Dette utspelet blir sett på som eit nei til å ferdigstille intercity-triangelet om elleve år – eit krav både LO, NHO, miljøvernorganisasjonar og dei åtte fylkesordførarane på Austlandet har gått inn for. Også regjeringspartnar SV går inn for denne tidsplanen for prosjektet med dobbeltspor mellom Oslo og byane Halden, Lillehammer og Skien.
Borghild Tenden, transportpolitisk talskvinne i Venstre, meiner utspelet til Navarsete er eit brot på klimaforliket.
– Her står intercity veldig sentralt. Eg hadde trudd at Senterpartiet såg at det å busette seg utanfor Oslo-gryta var miljøvennleg. Det verkar som dei ikkje ser at det å få pendlarane over på tog og dermed avlaste rushet inn til hovudstaden er viktig, seier Tenden til NTB.
Ho viser også til Jernbaneverket som har uttalt at å byggje store strekk så raskt som muleg, blir billigare.
– Regjeringa har ein jobb å gjere. No kviler ansvaret på Arbeidarpartiet og SV, seier Tenden.
Intercity-prosjektet er kostnadsrekna til rundt 130 milliardar kroner. Med dagens fordelingsnøkkel mellom veg og jernbane vil det vere behov for ein auke i investeringsramma på 136 prosent dersom intercity skal stå ferdig om ti år, har direktør i Jernbaneverket Elisabeth Enger uttalt.
Navarsete signaliserer på si side ein vekst på i underkant av 50 prosent.
– Sist auka vi rammene med 45 prosent. Det er ingen grunn til at det bør vere mindre denne gangen. Men dette er ei sak som kjem etter kvart, seier ho. (©NPK)
Biletgalleri 17. mai kom varmen og i pinsen har vår og sommar komme hand i hand. Les meir