(NPK-NTB-Russland): Etter å ha løfta fleire hundre kilo kvar, vart gullkampen i vektløfting mellom Svetlana Podobedova og Natalia Zabolotnaja avgjort av 220 gram – som skilde løftarane i kroppsvekt.
Podobedova frå Kasakhstan vart meister i 77-kilosklassa for kvinner, medan Zabolotnaja frå Russland måtte nøye seg med sølvet. Podobedova nådde 291 kilo då ho lykkast med det siste løftet i konkurransen. Dermed var ho likt med Zabolotnaja, og då er det løftaren med lågast kroppsvekt som vinn.
– Dette gullet er for heile Kasakhstan. Eg er takksam for at dei gav meg sjansen. I 2008 ville ikkje Russland sende meg til OL, men Kasakhstan gav meg ein sjanse, sa OL-meisteren.
– Men eg ber ikkje nag til Russland. Eg takkar begge landa mine, for dei har hjelpt meg dit eg er i dag.
Dei to sette olympiske rekordar heile åtte gonger i konkurransen, og totalsummen er 22 kilo føre bronsevinnar Jirina Kulesja frå Kviterussland.
Sølvvinnar Zabolotnaja vart opphavleg ikkje tatt ut til OL, og ho fekk sjansen først då Oksana Slivenko måtte trekkje seg av medisinske årsaker.
– Ein dag før avreise fekk eg plass, og eg er lukkeleg for sølvet. For meg er denne medaljen som eit gull, sa ho.
Russlands verdsmeister Nadezjda Jevstjukhina vart utan resultat. Ho greidde ikkje opningsvekta 125 kilo i rykk.
– Det er trenaren si skuld. Under oppvarminga greidde ho ikkje eingong 122 kilo, så ho burde fått lågare startvekt, sa Zabolotnaja. (©NPK)