Bunnpris tek over for Spis Grilstad

Publisert: 18.12.09 kl. 07.23
Skribent: NPK
E-post: npk@npk.no

(NPK-NTB): Det var stor jubel blant dei Spis Grilstad-tilsette i Vestnes i Møre og Romsdal torsdag ettermiddag, då det blei kjent at drifta ved fabrikken held fram.

Grilstad trekkjer seg ut og har bestemt å leggje ned frå utgangen av mars. Frå 1. april tek Bunnpriskjeda over. Kjeda skal hovudsakleg produsera for eigne butikkar.

Etter nokre skjær i sjøen undervegs, blei Grilstad og Bunnpris-kjeda torsdag ettermiddag samde om vilkåra for ei overtaking. Dermed er dei fleste av dei 71 arbeidsplassane berga.

– Vi er sjølvsagt jublande glade. For oss er dette julekvelden på forskot, seier tillitsvald Aud Marie Bergdal ved Spis Grilstad til NTB.

Ho veit framleis ikkje kor mange som får halda fram når Bunnpris tek over, men håpar det omfattar alle 71 og at det etter kvart blir endå fleire.

Kjøpmann Erik Berg i Bunnpris Møre og konsernsjef Odd Arne Dalsegg i Spis Grilstad kjem fredag til Vestnes for å orientera dei tilsette. (©NPK)

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt