Kan spare 1 milliard på energieffektivisering

Publisert: 08.02.10 kl. 16.41
Skribent: NPK
E-post: npk@npk.no

(NPK-NTB): Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) oppmodar kommunane til sterkare innsats for å spare energi. Ho viser til berekningar som viser at kommunane kan spare 1 milliard kroner på dette.

– Det blir jobba bra med dette i mange kommunar. Det har skjedd mykje på kort tid. Me ser allereie mange gode prosjekt, seier statsråden som måndag innleidde på ein konferanse om klimaarbeidet i kommunesektoren.

Navarsete viser til at alle kommunar skal ha laga energi- og klimaplanar innan 1. juli i år.

– Status er at 126 kommunar har laga slike planar medan 234 har planar under arbeid. For dei som ikkje er kome i gang enno, byrjar det å haste, seier ho til NTB.

– Det er svært viktig at alle kommunar set i gang dette arbeidet. Kommunane bør ikkje vente på stortingsmeldingar eller klimaforlik, men sette i gang, oppmodar statsråden.

På konferansen oppmoda ho kommunane til å ta i bruk energisparekontraktar. Fleire kommunar har gått inn på dette og kan vise til gode resultat. (©NPK)

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt