Lovavdelinga sjekkar habiliteten til Brekk

Publisert: 17.12.09 kl. 16.30
Skribent: NPK
E-post: npk@npk.no

(NPK-NTB): Landbruksdepartementet har bedt lovavdelinga i Justisdepartementet om å vurdere om landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) er habil som den øvste ansvarlege for Mattilsynet.

Broren til Brekk er styreleiar i fleire oppdrettsselskap innanfor Sinkaberg Hansen-gruppa, der fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) har ein større eigarpart.

Sjefen for Direktoratet for naturforvalting, Janne Sollie, har tidlegare kritisert regjeringa for å ikkje gi ordre til tvangsslakting av laks på grunn av lakselus. Det vart sterkt sagt imot av landbruksministeren, som meinte det var ein uheldig oppførsel av ein framståande byråkrat.

No har han altså bedt om å få habiliteten sin vurdert på grunn av styreverva bror hans har i familieselskapa til fiskeriministeren, skriv Adressa.no. (©NPK)

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt