Avisa Hordaland

Oppdatert: Søndag 14.03.2010 13:37

Mongstad-tilsette tilbake på jobb

Publisert: 08.02.10 kl. 15.47
Skribent: NPK
E-post: npk@npk.no

(NPK-NTB): Dei 200 medarbeidarane som vart evakuert etter ein gasslekkasje på Mongstad i Hordaland måndag morgon er no tilbake på jobb, skriv Statoil.

– Me fekk «faren over»-signalet klokka 11, og då kunne me byrja å sleppe dei evakuerte tilbake til raffineriet, seier sjef for foredling i Statoil, Morten Ek, til NTB.

Det vart meldt at lekkasjen var under kontroll klokka 09.40, men sidan gassen, ei blanding av metan og propan, er farleg for menneske, måtte ein vente til lufta var rein før ein starta opp igjen drifta ved raffineriet.

Anlegget der lekkasjen skjedde er framleis stengd, og vil bli undersøkt for feil. Ingen personar er meldt skadd eller sakna etter gasslekkasjen.

Ambulanse og brannmannskap vart sendt til Mongstad, men det var brannvernet til anlegget som fekk kontroll over utsleppet. (©NPK)

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå galleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Smått og stort

ROLEG: – Som helsesyster vert ein van med å jobba sjølvstendig, seier Marta Katrine Egdetveit, som no for tida har fullt opp med å setja seg inn i sin nye jobb. DANIEL MELVE KVARME | foto

PORTRETTET: Marta steg for steg

– Viss du skal eta ein elefant, må du dela han i små porsjonar! Marta Katrine Egdetveit ler godt og hjarteleg. / Les saka

Bilete til saka «LEIAR: Slaktar mjølkekua?»

LEIAR: Slaktar mjølkekua?

I desse dagar har vossingane fått tilsendt giro for innbetaling av eigedomsskatt. / Les saka

Bilete til saka «Levande bjørk i vinterkulda»

Levande bjørk i vinterkulda

Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka

Bilete til saka «Vinterdag på Hamlagrø»

Vinterdag på Hamlagrø

Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang og fullmåme»

Solnedgang og fullmåme

I finveret dei siste dagane har me hatt ein fantastisk solnedgang og måne. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt