Rice godkjende bruk av vasstortur

Publisert: 23.04.09 kl. 11.38
Skribent: NPK
E-post: npk@npk.no

(NPK-NTB-AFP-Reuters): Vasstortur mot terrormistenkte i CIA-regi vart alt i 2002 godkjend av Condoleezza Rice, som då var nasjonal tryggingsrådgivar, går det fram av ein senatsrapport.

Senatskomiteen for etterretningssaker har granska saka om dei hardhendte avhøyrsmetodane CIA har teke i bruk mot terrormistenkte fangar.

Tidlegare denne veka vart det kjent at to fangar, der den eine, Khalid Sheik Mohammad, som er utpeikt som arkitekten bak 11. september-angrepa, vart utsett for såkalla «waterboarding» til saman 266 gonger. «Waterboarding», eller simulert drukning, går ut på at fangen får tømd store mengder vatn over andletet medan han ligg på ryggen.

I granskingsrapporten sin konkluderer senatskomiteen med at Rice og andre toppar i regjeringa til George W. Bush vart orienterte om «alternative avhøyrsmetodar, deriblant waterboarding» i mai 2002. CIA uttrykte då ønske om å få lov til å bruke slike metodar.

I eit møte med dåverande CIA-sjef George Tenet i juli det same året, gjekk Rice med på at «CIA kunne gå i gang med denne typen avhøyr» av Abu Zubaydah. Han vart teken i Pakistan i mars 2002 og er mistenkt for å vere med i al-Qaida. (©NPK)

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt