Snøkaos i Spania og Italia

Publisert: 10.03.10 kl. 08.06
Skribent: NPK
E-post: npk@npk.no

(NPK-NTB-AFP): Tusenvis av reisande sat tysdag fast i snøen på grensa mellom Spania og Frankrike, medan snøen dekte byar i Italia og tusenvis av heimar på Korsika var utan straum.

Det kraftige snøveret som skapte kaos i Barcelona måndag, flytta seg tysdag austover mot Korsika og Italia, og ein ventar at det blir verre onsdag.

Over ein meter snø i Pyreneane førte til at 6.000 menneske vart sitjande fast langs 40 vegar mellom Frankrike og Spania. 1.750 lastebilar stod i kø på den franske sida av grensa utan å sleppe over.

Dagen før hadde snøveret skapt kaos i Barcelona, Spanias nest største by på middelhavskysten. Fly vart kansellerte, skular stengde og vegar og jernbanar i heile regionen var stengde som følgje av snøveret.

I Girona-området, der det fall ein halv meter snø, mista 200.000 hushald straumen. (©NPK)

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur til Yksendalsstølen»

Tur til Yksendalsstølen

I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka

Bilete til saka «Nye elevar, nytt namn»

Nye elevar, nytt namn

ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

Bilete til saka «Frå farne tider»

Frå farne tider

Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen,  / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt