Avisa Hordaland

«– Fortauet er farleg»

FOTO: DANIEL MELVE KVARME Det er ikkje lett å ferdast over det smale fortauet med rullator, om det ikkje er brøytt

– Fortauet er farleg

Publisert: 04.02.10 kl. 13.27
Skribent: Daniel Melve Kvarme/Frode Rene
E-post: fr@avisa-h.no

VOSS: Pensjonisten Olav Lund meiner fortauet på Langebrua lyt stengjast. Snø og is gjer fortauet smalare og verre å ferdast på.

 Til tider kan det vera så smalt og dårleg brøytt at det rett og slett kan vera farleg å ferdast der.

Stengjer ikkje fortauet

Statens vegvesen ser at det smale fortauet på Langebrua ikkje er ei fullgod løysing, men meiner det er godt nok, så lenge entreprenøren som har ansvaret for å halda det fritt for snø, gjer det. Derfor vil ikkje Statens vegvesen vurdera å stengja fortauet.

Entreprenøren som har ansvaret for å halda det reint på fortauet, har til tider vore litt sein med å få bort snøen, fortel byggjeleiar i Statens vegvesen, Kåre Olav Aldal

Han legg til at folk som ikkje føler seg trygge på det smale fortauet kan velje andre sida. Han ser at det kan verta problem for dei eldre som bur i Fredheim og lyt kryssa vegen tre gonger, før dei er på Langebrua.

Sette seg fast

Kvar einaste dag nyttar Olav Lund seg av det smale fortauet, når han skal på Vangen.

Lund bur i Fredheim, og det enklaste for han er å velja den smalaste sida på Langebrua, når han skal til eller frå Vangen.

Førre laurdag var han på veg bort på Vangen med rullatoren sin. På fortauet på brua, synte det seg at det ikkje var brøytt. Difor gjekk det ikkje lange stunda før han vart ståande bom fast, fortel han.

Einaste måten han kunne koma seg der i frå, var å lyfta rullatoren ned i køyrebanen og halda fram turen over brua.

Eg snakkar med folk  i Fredheim.  Alle seier dei at fortauet er farleg, fortel Olav Lund.

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå våre biletgalleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Smått og stort

Bilete til saka «Tur frå Finden til Solrenningen  »

Tur frå Finden til Solrenningen

Finden er ein liten idyll  på sørsida av Sognefjorden. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset»

Steinhytta i Torfinnsdalen og Timaglaset

Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka

Siste frå Voss

Rassikring og stengd stamveg neste veke

E16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka

DANIEL M. KVARME | tekst og foto

Frekt tjuveri hjå Fretex

VOSS: Onsdag kveld har nokon tømd ein konteinar full av klede hjå Fretex. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

SOL, SOL, SOL: Ei heil veke med sol ventar oss, i fylgje dei siste meteorologiske  prognosar.  Yr.no trur på over 20 grader, Vêrvarslinga på Vestlandet lovar minst 17 grader.  Arkivfoto.

Strålande utsikter for helga

VOSS: Litt skyer onsdag og torsdag, men oppklaring frå fredag. Og for helga ser det verkeleg bra ut, sol og fint, opplyser Knut Sætre ved Vêrvarslinga på Vestlandet. / Les saka

Siste frå Vaksdal/Modalen

Rassikring og stengd stamveg neste veke

E16: Frå neste veke vil vegvesenet setja i gang arbeid ved Godfarskolten og i Kattagjelet mellom Bolstad og Evanger. / Les saka

FRAMTIDA: Utviklargruppa ve ABC Startsida som har laga Framtida.no, frå venstre Viggo Normann, Amy Vidler, Anton Babenko, Svein Olav B. Langåker, Dagfinn Reierstøl og Bård Øien. Foto: Tina Jacobsen, ABC Startsida.

Framtida.no: Nyhende- og debattavis for unge

NETT: Frå og med i dag onsdag 1. september, kan unge vera med i debatten og seia kva dei meiner på den nyopna nettstaden framtida.no / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang over Hamlagrøvatnet»

Solnedgang over Hamlagrøvatnet

23. august var det ein fin dag og sola gjekk ned i 21-tida - i ein fantastisk solnedgang over Hamlagrøfjella og vatnet. / Les saka

Bilete til saka «Frå Farne Tider»

Frå Farne Tider

Dette biletet er teke frå Hjelle / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt