ALLE HAR EIT ANSVAR: Arne Lofthus i Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil at alle partia skal forplikta seg i saka.

- Jordbrukspolitikk er ikkje berre for bønder

Arne Lofthus vil at Stortinget skal ansvarleggjerast for landbruksmeldinga og at alle partia skal forplikta seg. Det sa han då KrF inviterte til møte for å diskutera landbruksmeldinga.

Publisert 17.03.2017 kl. 15.59. Oppdatert kl. 16.38.

Onsdag vitja stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) Voss for å snakka landbruksmelding og vestlandsk jordbruk. Ho er også næringspolitisk talskvinne i KrF. Saman med leiar i fylkesstyret til Hordaland Bondelag, Frøydis Hauge, og Arne Lofthus, politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, heldt Hjemdal innlegg for eit lite knippe frammøtte på Vangen skule.

- Sjølv om fristen for å spela inn politikk til jordbruksmeldinga var tysdag, ynskjer me likevel å prøva påverka. Politikken framover er viktig, og me vil ha ein debatt om kva som må til for vestlandsjordbruket, sa Gunvor Sønnesyn i KrF.

KJEMPAR: - Me treng eit landbruk tilpassa landet, me kan ikkje tilpassa landet til landbruket, seier Frøydis Haugen i Hordaland Bondelag.

Noko unikt

Hjemdal kunne fortelja at forhandlingsinstituttet har teke ei veke ekstra for å verta klare til å gje frå seg jordbruksmeldinga. Det har kome mange merknader til meldinga.

- Det er mange område innan landbrukspolitikken, så det kan verka komplisert. Men det er eigentleg ikkje så veldig komplisert. Me har noko unikt å ta vare på, seier ho.

Hjemdal trekkjer mellom anna fram god dyrehelse, lite antibiotikabruk og utsøkt produktkvalitet.

- Det er ikkje tilfeldig at me får det til, for det ligg utidig mykje arbeid bak, som ein bonde ein gang sa til meg, fortel Hjemdal.

Ho meiner me treng alle typar landbruk i Noreg, og ikkje berre flatbygd landbruk som i hennar eige distrikt.

- Dei ulike typane treng ulike rammevilkår, og topografien vår krev ulik storleik på gardar.

SNAKKA JORDBRUK: - Me har noko unikt å ta vare på, seier stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF).

Ikkje berre for bønder

Arne Lofthus fylgjer regjeringas jordbrukspolitikk med argusauge.

- Eg har hatt den under huda heile tida. Landbruksminister Dale er flink han, men eg er ueinig i politikken hans. Eg vil at Stortinget skal ansvarleggjerast for meldinga. Jordbrukspolitikk er ikkje berre for bønder, meiner han, ettersom bøndene produserer mat til alle.

- Eg vil at alle partia skal forplikta seg. Ap er til dømes altfor slappe, seier Lofthus, som har tru på at marknadsordningane no synest berga på Stortinget.

SOSIALE ORDNINGAR: Lars Istad i Voss Bondelag peika på dei sosiale ordningane som noko av det viktigaste i landbruksmeldinga.

Utfordrande i vest

Frøydis Haugen tok opp regjeringa sitt forslag om å redusera talet på produksjonsregionar for kumjølk frå dagens 19 til ti. Dette er noko KrF har vore negativ til.

- Mjølkeproduksjon står for 45 prosent av verdiskapinga og er berebjelken her vest. Likevel har me dei minste kvotane og dei minste teigstorleikane. Det er utfordrande, seier ho.

- Mjølkeproduksjonen er avgjerande for heile landet. Me treng ein redningsaksjon for gjennomsnittsbonden, meiner Hjemdal.

KLAR TALE: - Rekrutteringa er utruleg viktig og samstundes utruleg utfordrande, sa Kjetil Mehl.

Rekruttering viktig

Haugen snakka vidare om at Hordaland er det fylket med mest jordbruksareal ut av drift.

- Og ligg såleis bak resten av landet i inntekt, uansett kva produksjon ein ser på. Men det er så utruleg mange flinke bønder her. Det heile er avhengig av politikken. Politikken må kompensera for ulempene, meiner Haugen.

Investeringar, klimatiltak, rekruttering og sosiale ordningar vart også tema på møtet.

- Rekrutteringa er utruleg viktig og samstundes utruleg utfordrande, meiner Kjetil Mehl.

- KrF ynskjer å halda på tidleg pensjon for rekrutteringa si skuld, seier Hjemdal.

Lars Istad, leiar i Voss Bondelag, var også mellom dei som hadde teke turen på møtet.

- Ferie og fritid er noko av det viktigaste i meldinga. Eg er heldig som driv mjølkeproduksjon med samordning, og jobbar tolv dagar før eg har to dagar fri. Det er ikkje mange som har det slik. Ordningane må vera der, meiner han.


Krevjande fase

Frøydis Haugen meinte å høyra positive toner frå stortingsrepresentanten.

- Eg er glad for at det er mange merknader til meldinga. No håpar me den vil svara til forventningane våre, seier ho.

Hjemdal forsikra om at forhandlingsinstituttet forsøkjer å skriva ei innstilling etter stortingsfleirtalet sin vilje.

- Me vil ha ei klar og tydeleg melding. Me er inne i ein krevjande fase. Det er viktig for meg å høyra på dykk, seier stortingsrepresentanten.

- Me treng eit landbruk tilpassa landet, me kan ikkje tilpassa landet til landbruket, meiner Haugen.