annonse

10-åring påkøyrd i Strandavegen

ULUKKE
ULUKKE: Ein 10-åring vart påkøyrd i vegen mellom Fretex og Alpino Pizzeria på Voss tysdag kveld. (Foto: Marita Saue Hamre)

Ein gut som vart påkøyrd i Strandavegen tysdag kveld, kom vonleg frå det med lettare skadar.

Ingvild Siglen Berger Marita Saue Hamre Terje Hjartnes

Ulukka skjedde klokka 19.37 utanfor Alpino Pizzeria. Politi og ambulanse rykte ut til staden, og guten vart sjekka av ein ambulanselege.

Politiet opplyser at guten truleg skal vera lettare skadd. Han var medviten, og vart teken med til Voss sjukehus for grundigare sjekk.

– Eit køyretøy kom nedover Strandavegen, og då skal guten ha kome ut i vegen, seier politibetjent på staden, Martin Nordeide.

Politiet har gjort avhøyr av bilføraren og vil oppretta sak på hendinga, men det skal ikkje vera mistanke om promille eller uforsvarleg køyring.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.