annonse

12 flyktningar kom til Modalen i fjor

UTFORDRING
UTFORDRING: – Det kan vera lange avstandar og færre folk enn flyktningane er vane med, og det er nok ei utfordring for somme, fortalde flyktningkonsulent Sissel Hindenes til kommunestyret torsdag. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

I fjor kom det 12 flyktningar til Modalen. Ei av utfordringane deira er avstandar, forklara flyktningkonsulent Sissel Hindenes til kommunestyret torsdag.

Jan-Egil Dyvik

Hindenes sa også at norskopplæringa, som fyrst vart etablert i Modalen, no er flytta til Masfjorden.

– Ein norsklærar sa opp stillinga si, og då stod me utan pedagog. Endringa etter påske har gått fint, den, meinte Hindenes.

Store avstandar

Likevel er utfordringane for dei nye innbyggjarane i Modalen avstandar.

– Dei vil til dømes til Knarvik og ein arabisk butikk for å handla mat. Nokre av dei kjem frå byar og større forhold enn her, nokre tykkjer det er heilt greitt. Me er alle ulike, sa ho vidare.

Aukande folketal

I år er trykket på landet vårt for å ta mot flyktningar og asylsøkjarar mykje mindre enn i fjor.

– I år har ikkje Modalen teke mot flyktningar, me får sjå kva de bestemmer dykk for til neste år, sa Hindenes.

Ho fortalde også at mottaket i fjor førte til ekstratilskot på 300.000 kroner frå staten.

– Og hadde ikkje desse kome, ja, så hadde nok folketalsutviklinga i Modalen vore negativ, minna rådmann Øivind Olsnes om.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.