annonse

136 tiltak mot trafikkdøden

BUSSJÅFØREN OMKOM
BUSSJÅFØREN OMKOM: Ulukka ved Nakkagiltunnelen nær Evanger var éi av i alt tre dødsulukker på E16 gjennom Voss kommune i fjor. No vert det sett i gong ein nasjonal trafikksikringsplan for å få færre drepne og hardt skadde i trafikken. (Foto: Sara Finne/Arkiv)

Ein ny trafikksikringsplan med 136 målretta tiltak skal gje færre alvorlege ulukker i trafikken.

Geir Geitle

Planen vart presentert i dag, tysdag, og skal bidra til at 200 færre skal bli drepne eller hardt skadde på norske vegar de neste fire åra.

Dette er det ambisiøse målet for Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerheit på veg 2018-2021, går det fram av ei pressemelding.

Tre drepne på Voss i fjor

I 2017 vart om lag 750 drepne eller hardt skadde på norske vegar. Regjeringa har i Nasjonal transportplan sett som mål at talet skal vera redusert til 350 innan 2030. Ei utvikling i samsvar med dette vil seia at det i 2022 ikkje må vera fleire enn 550 drepne eller hardt skadde.

Berre på Voss vart tre personar drepne i ulukker på E16 gjennom kommunen i løpet av fjoråret.

Med uminska styrke

– Sjølv om utviklinga har vore svært positiv og Noreg er verdsleiande på trafikksikring, må kampen mot trafikkdøden halda fram med uminska styrke. Det er sett tøffe mål for trafikksikringsarbeidet. Dette er meir enn tal og statistikk – dette handlar om menneske, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

På vegner av Politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Trygg Trafikk, fylkeskommunane, sju storbykommunar og Vegvesenet overleverte han tysdag tiltaksplanen til samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Til saman har aktørane i «trafikksikringsfamilien» identifisert 136 konkrete tiltak innan 13 ulike innsatsområde for den komande fireårsperioden.

I verdstoppen

– Det er mange viktige enkelttiltak. Men det er summen av tiltak som er denne planen sin verkelege styrke. Langsiktig arbeid, samarbeid og systematisk arbeid frå fleire aktørar over tid er avgjerande. Alle gode krefter står no samla og opptrer koordinerte i dette arbeidet, seier vegdirektøren.

Gustavsen peikar på at heile verda ser til den norske trafikksikringsmodellen for å læra.

– Me jagar heile tida ny kunnskap som me deler på tvers. Denne vert no brukt til målretta innsats der me veit det er nødvendig og der det fungerer.

Dei 136 tiltaka er henta frå 13 ulike innsatsområde, som dekkjer sentrale satsingar. Men i tillegg vil aktørane vera på leit etter nye effektive tiltak som kan bidra til ytterlegare reduksjon.

– Utfordringar knytte til fart og rus og omsynet til gåande og syklande krev meir omfattande og nye tiltak enn det som alt ligg i planen, seier vegdirektøren.

Vidare mot nullvisjonen

Trafikktryggleiks-aktørane vil vidare mot visjonen om null drepne og hardt skadde i vegtrafikken.

– Tiltaka i denne planen og styrken i vårt samarbeid vil bringa oss endå nærare, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Men aktørane åtvarar likevel. Det krevst stor utteljing på tiltaka for å nå dei ambisiøse måla. Her spelar ei rekkje forhold inn, som trendar, teknologisk- og økonomisk utvikling og politiske prioriteringar innfor ulike samfunnsområde.

– Trafikkulukker rammar brått og brutalt

– Betre trafikktryggleik kjem alle til gode, seier Knut Olav R. Nestås, distriktsleiar i Trygg Trafikk i Hordaland.

HANDLAR OM BETRE LIV
HANDLAR OM BETRE LIV: Knut Olav Nestås ser positivt på tiltaksplanen som vart presentert tysdag. Han poengterer at trafikktryggleik handlar om betre liv for folk. Foto: Morten Brakestad/Trygg Trafikk

Vossingen helsar velkomen tiltaksplanen som skal redusera ulukkestala kraftig.

– Planen er eit resultat av eit godt samarbeid på tvers av fleire av dei sentrale aktørane i trafikksikringsarbeidet. Det som er svært positivt med planen er at den ryddar opp i oppgåvefordelinga i arbeidet og synleggjer kva det er viktig å samarbeida om, uttalar Nestås til Hordaland. 

For dei som jobbar med dette er planen eit viktig dokument som gjev arbeidet ein klar retning. Målet er å redusera talet på drepne og hardt skadde i trafikken. Sidan førre plan var ny i 2014, har det også kome ei stortingsmelding om trafikksikring i 2016 som seier ein del om organisering av arbeidet og om samarbeid mellom aktørar som kommunar, fylkeskommunar, politiet, Statens vegvesen, Trygg Trafikk med fleire.

Nasjonal plan

– Eg har forventningar til at ny nasjonal tiltaksplan også konkretiserer intensjonane om betre samarbeid for å nå målet om færre trafikkulukker. Eg ventar på å få planen i trykt utgåve tilsendt av kollegaene mine i Oslo, men har alt vore inne og lese litt i den ferske digitale versjonen. Det ser svært lovande ut for trafikksikringsarbeidet vidare, slik eg ser det, seier Nestås

– Eitt av måla som gjer inntrykk og som viser kva dette handlar om, er setninga: «Null drepte barn (0-14 år) i trafikken minst ett av årene i perioden 2018-2021.» (s. 53). Å nå mål som dette krev beinhardt arbeid, men viser samtidig kvifor mange brenn for betre trafikktryggleik, seier Nestås.

– Trafikkulukker rammar brått og brutalt, uavhengig av om du er liten eller stor. Me må aldri gløyma at betra trafikktryggleik til sjuande og sist handlar om betre liv for folk. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.