annonse

17. mai-feiring med softis og Snapchat

FEIRA MED SNAP
FEIRAR MED EIN SNAP: Ramlo Mohamed, Maria Hope Døssland, Kristin Mateo og Marielle Christensen frå 4A på Vangen skule tok snap på friluftsscenen. (Foto: Vidar Herre)
SEIN FLAGGBORG
FLAGGBORG TIL SLUTT: Flaggborga uteblei og barnetoget vart litt forseinka. Men, pytt, pytt, i slikt vêr er ikkje det noko problem (Foto: Vidar Herre)
ALLÉ!
ALLÈ!: Prestegardsmoen synte seg frå si beste side då barnetoget kom ned til Prestegardslandet. (Foto: Vidar Herre)

Det manglar ikkje på ting å finna på den dagen alle har bursdag. Sjå video frå barnetoget!

Siri Flatlandsmo

– Me skal vera i lag i dag, fortel Ramlo Mohamed (10).

– Me skal vera med vener og eta is, seier Kristin Mateo (9).

– Og med familie, legg Ramlo til.

– Me skal samla på russekort og eta kjempemasse is, seier Marielle Christensen (9).

Dei går i 4A på Vangen skule og er nett ferdige med å gå i tog. No står dei på Prestegardslandet under vårsola.

Ung tale om miljøet

Barnetoget starta som det bruker på Idrottsplassen på Vangen. Barnehageborn, skuleborn, ungdomsskuleelevar, foreldre, lærarar og hundar vandra side om side, til lyden av korpsmusikk i det fjerne.

Tre elevar frå 7. klasse ved Gjernes skule held appell før start i år: Synne Haugo Herfindal, Kristina Kindem og Hilja Joanesarson.

– Endeleg er dagen kome, den dagen der alle har bursdag!

Trekløveren nytta høvet til å oppfordra til å ta vare på planeten og passa på kor ispapiret vert av når isen er oppeten.

Vener, is og Snapchat

For is skal etast i dag. Ramlo, Kristin og Marielle har i alle fall store planar om det. Men dei er opptekne av noko heilt anna òg:

– Me er på Snap, fortel Ramlo.

Dei tek fram mobilane.

– Me har ei gruppe for alle i klassen som har Snap, seier Marielle.

– Vil de sjå eit bilete eg tok? spør Ramlo?

Snart skal dei samlast på Vangen skule. Der ventar vener, is, leik – og Snap.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.