annonse

20 jemenittiske soldatar drepne i angrep

(NPK-NTB-AFP-Reuters): 20 jemenittiske soldatar vart drepne då ein kontrollpost søraust i landet vart angripen av væpna menn. Det melder det statlege nyheitsbyrået i Jemen.

  • Www.avisa-hordaland.no Administrator

Ei ikkje namngjeven kjelde i det jemenittiske militæret seier at al-Qaida står bak angrepet. Al-Qaida er aktive i Sør- og Søraust-Jemen.

– Væpna menn kom i fleire bilar og angreip kontrollposten som ligg nær byen Reida, forklarer kjelda. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse