annonse

20 nyfødde fjellrevar i Finsetraktene

FJELLREV
FJELLREV: I år er det fødd 20 fjellrevkvelpar i Finsefjella. Biletet er ikkje av dei omtala fjellrevane. (Foto: Sveinung Klyve/Arkiv)

20 fjellrevkvelpar er fødde i Finsefjella i år. Fjellrev­prosjektet held fram etter ti år med forsking.

  • Arne Skjerven

I år vart det fødd om lag 20 fjellrevkvelpar Finsetraktene. Dei kjem frå fire kull. Dei fleste er no merkte, slik at det er råd å fylgja livsgangen deira framover.

– Eit rimeleg bra tal på nyfødde, seier prosjektleiar for fjellreven i Noreg, seniorforskar Arild Landa ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Talet ligg på det gjennomsnittlege, og det tyder på halvparten av eit toppår, men samstundes 20 over det me òg har opplevd, nemleg år med ingen fødde.

Held fram

– Kvitrevprosjektet gjekk opphavleg over ti år, og åremålet er ute i år. Kva no?

– Me sluttar ikkje av. Det er avgjort å forska meir på fôring, altså fôring i tillegg til den maten fjellreven finn i naturen. Denne forskinga skal gå på mengder og tid, altså kor mykje som trengst tilførast om vinteren eller våren, og når det trengst mest. Me vil også sjå på korleis fôringa kan trappast ned, som til dømes i tid eller i mengd, seier Landa.

– Prosjektet vil halda fram nokså sikkert i nokre år framover. Då kan me sjå og fylgja med på det som alt er etablert, korleis revane her oppfører seg og vandrar, og samstundes prøva nye ting. Så me fyk ikkje frå eitt til hitt, men ser samanhengen i tiltaket over tid, legg han til.

Ingen fare

– Kva skjer no når villreinstamma i Nordfjella skal skytast ned? Kan ikkje jakta skremma vitet av fjellreven?

– Sjølv om reinen spring rundt, og fjellreven også vandrar, skal ikkje jakta gå utover revestammen. Dei held til på ulike plassar. Såleis skal reven koma vel frå dette, meiner Landa.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.