ELDGAMMAL: Sigmund Gjernes er ikkje berre interessert i ølkulturen, han er òg ein ivrig samlar. Denne eldgamle ølausa har han kjøpt på auksjon. - Ho er frå Voss, utan at eg kan seia akkurat kvar, og eg vil tru ho er frå 16-1700-talet. Det finst liknande auser på museet på Mølster.

Sigmund's Kveik i øl frå heile verda

Dette er ikkje soga om fjøra som vart til fem høns, men om kveiken frå Voss som vart til øl over heile verda.

Publisert 30.01.2017 kl. 13.40.

- Det er eit eventyr! seier Sigmund Gjernes. Røynd ølbryggjar og opphavsmannen til det som no er kjent i bryggjar- og ølkrinsar som «Sigmund's Kveik». I Russland er det til og med eit øl som heiter nettopp det: Sigmund's Kveik - med den engelske underteksten Norwegian Farmhouse Ale.

- Og ser du på han karen på etiketten - ein skalla gubbe med litt skjegg - er eg rimeleg sikker på at eg har stått modell! flirer Sigmund.

EVENTYRET TOK TIL våren 2015. - Det var sonen vår Yngve, som sjølv er ølbryggjar, og ein kamerat som hadde vore inne på ein blogg om øl. Mannen bak bloggen, Lars Marius Garshol, tok kontakt med Yngve og etter kvart med meg. Han spurde om han kunne få koma og sjå korleis det vart bryggja på Voss. Dette var om våren for snart to år sidan.

Lars Marius og ein annan skribent som heiter Martin Thibault, dukka opp heime hjå Sigmund i Vestbygdvegen, og dei vart begge heilt opp i vêret for det dei fekk sjå, oppleva og smaka.

Det fyrste resultatet av turen vart ein blogg under tittelen Brewing with kveik - Brygging med kveik. Seinare vart det fleire artiklar i ulike øltidsskrift og magasin. I 2016 gav Garshol ut boka Gårdsøl. Det norske ølet, på Cappelen Damm. Vossaølet generelt og kveiken og brygginga til Sigmund Gjernes spesielt utgjer ein ikkje heilt uvesentleg del av boka. Garshol har også halde eit føredrag som heiter Kveiken - legende eller myte?

GJÆRNES: Slik ser etiketten på det russiske ølet Sigmund's Kveik ut. - Det er ikkje tvil om at eg har stått modell for karen på etiketten, meiner Sigmund. FOTO: PRIVAT

Seinhaustes i 2016 vart kveiken og ølbrygginga også tema for ein av NTNU sine føredragskveldar under tittelen NTNU Kveld. Tilfeldigvis vart dette føredraget også det fyrste som vart strauma og som ligg tilgjengeleg på nettet.

I 1987 kjøpte Sigmund og kona småbruket dei i dag bur på. Sigmund var alt då ein røynd ølbryggjar.

- Me som kom frå Gjernes brukte kveik frå Brynjulv Gjernes. Men då me flytta ut her fekk eg kveik frå Kåre Hovda. Han hadde sin kveik frå Bordalen, og det synte seg å vera ein uvanleg potent kveik. Eg blanda kveiken frå Bordalen med kveiken eg hadde frå Brynjulv Gjernes. Kor gammal denne kveiken er, er umogleg å seia, fortel Sigmund.

Det er kjent at det finst fleire hundre år gammal kveik på fleire gardar på Voss. God kveik vert brukt i generasjonar og kan halda seg like produktiv i generasjonar. Måten å ta vare på kveiken mellom kvar brygging varierer. Sigmund brukar stort sett å ha kveiken på norgesglas, men «kveikringar» eller ulike «sleiver» av tre har også vorte nytta. Poenget då er å turka ut kveiken, slik at han går i dvale heilt til neste gong du fôrar han med det naturlege sukkeret i maltet.

KVEIKEN OG EVENTYRET: Kveiken til Sigmund Gjernes har ikkje berre gjeve han sjølv glede og hugnad, men frå norgesglaset har den eineståande gjærkulturen frå Voss teke turen ut i den store ølverda. Etter at kveiken har vorte analysert og fingranska på laboratorium i England, vert han pakka i små sylindrar med tittelen Kveik frå Voss. Sigmund sjølv lagar ølet i sitt eige «laboratorium» i kjellaren. FOTO: PRIVAT/LARS MARIUS GARSHOL

GARSHOL og Thibault fall fullstendig for kveiken til Sigmund Gjernes. Garshol sende kveiken til eit kjempelaboratorium i England og fekk han testa.

- Kveiken er ein heilt eigen gjærkultur som også er fullstendig fri for ureining av noko slag.

I dag er kveiken frå laboratoriet tilgjengeleg på små flasker merka «Kveik frå Voss (Sigmund Gjernes)». Kveiken er utstyrt med bokstavane NCYC og eit nummer, pluss datoen for produksjon.

Og det er det som har skjedd med denne kveiken som er sjølve eventyret.

- Kveiken har spreidd seg til mikrobryggjarar over heile verda. Me veit at bryggjeri i Danmark, Polen, England, USA, Canada og Russland no nyttar «Sigmund Kveik». Oppe i Hornindal er det ein William Holden og som har laga eit kjedebrev med kveiken min. Eg synest det er heilt topp at ølbryggjarar får tilgang på kveiken. Den er ei gåve til oss alle. Men eg har sagt klart frå at ingen har lov å selja kveiken. Den skal gjevast vekk!

Så langt har ikkje Sigmund fått høve til å smaka nokon av dei utanlandske øla som er bryggja på kveiken hans.


HAUSTEN 2016 vart Sigmund også kontakta av Aass Bryggeri i Drammen - det eldste bryggjeriet i landet. Også dei spurde fint om dei kunne få litt av Sigmund's Kveik, og kveik fekk dei.

Resultatet vart eit øl frå underbruket Bryggerhuset Pilotbryggeri. Ølet kallar dei Session Vossaøl. Det vart laga berre 2000 liter, og på heimesida til bryggjeriet står det at dette er fyrste gongen Bryggerhuset har bryggja øl basert på resept og teknikkar frå norsk gardsøltradisjon, «nærmare bestemt Voss». Vidare står det: «Ølet er brygget på berre norske råvarer: Domen-malt og Svedjarug frå Økologisk Spesialkorn, einer frå Finnemarka, norsk humle frå Bioforsk Apelsvoll og kveik (gjær) frå Sigmund Gjernes på Voss. Ølet har dei laga «så nært opp mot tradisjonell gårdsølteknikk som mogleg, med seks timars mesking, åtte times kok og gjæring på 35 grader».

Det siste er også heilt eineståande med kveiken frå Voss: det finst ingen andre gjærtypar som toler så høge temperaturar - ingen er i nærleiken ein gong.

ENDÅ EI FJØR i kveik-hatten fekk Sigmund Gjernes då vinnarane i Det Norske Måltid 2016 vart kåra nett over nyttår. Det Norsk Måltid vert også kalla «landets viktigaste kåring av kvalitetsprodukt» og er eit samarbeid mellom ei lang rekkje tunge offentlege og private aktørar. Mellom andre er både Innovasjon Norge, Landbruks- og matdepartementet og Nærings-, fiskeridepartementet, DNB og Matmerk inne som hovudsamarbeidspartnarar. Prisar vert delt ut i 12 kategoriar, i tillegg til Juryens spesialpris, DNB publikumspris og Det Norske Måltids heiderspris.


Vinnar i klassen Årets tradisjonsøl vart Norsk Høst frå Nøgne Ø Det Kompromissløse Bryggeri AS. Og Nøgne Ø hadde fått kveiken sin frå Sigmund Gjernes!