Avisa Hordaland

Nyhende

2018 er her!

2018 er her!

Nyttår markerer ei ny byrjing for mange. Andre er nøgde med livet akkurat slik det er. Her kan du lesa nokon andre sine mål for det nye året.

2017 er slutt, 2018 er så vidt i gang. For mange er det nettopp dette nyttårsforsett handlar om: å slutta med noko, eller byrja med noko anna.

Midt på den siste dagen i året var det ikkje mange som våga seg ut i surt vintervêr på Vangen. Her er nyttårsforsetta til dei sprekingane Hordaland fann ute. Kanskje du kan finna litt inspirasjon?

Siri Flatlandsmo - SUKSESS Jarle Steen-Olsen har fullført forsettet sitt for 2017 med glans. No har han sett seg eit nytt eit. Åse, ho har like greitt nyttårsforsett heile året.

FORSETT: Jarle Steen-Olsen har fullført forsettet sitt for 2017 med glans. No har han sett seg eit nytt eit. Åse, ho har like greitt nyttårsforsett heile året.Foto: Siri Flatlandsmo

Åse Steen-Olsen (60) og Jarle Steen-Olsen (61)

Bur på Voss.

– Kanskje å komma litt meir ut på tur. Trena og vera ut i naturen, seier Jarle.

– Eg trur ikkje eg har noko forsett. Tenkjer ein bør tenkja på kva ein kan verta flinkare på heile året, seier Åse.

Siri Flatlandsmo - GLADE TURISTAR Wieger Buis og Anja Flapper ser seg om rundt Vangsvatnet. Dei er nysgjerrige på korleis nordmenn feirer nyttår.

GLADE TURISTAR: Wieger Buis og Anja Flapper ser seg om rundt Vangsvatnet. Dei er nysgjerrige på korleis nordmenn feirer nyttår.Foto: Siri Flatlandsmo

Wieger Buis og Anja Flapper

Frå Nederland. Ei veke på ferie i Noreg.

– Eg er nøgd med kva eg gjorde i fjor. Eg byrja på balanseyoga, det har eg lyst å fortsetta med, seier Anja.

– Eg har lyst å bruka meir tid med familie, seier Wieger.

Siri Flatlandsmo - HÅRETE MÅL Alex Akselberg har eitt mål for det nye året.

HÅRETE MÅL: Alex Akselberg har eitt mål for det nye året.Foto: Siri Flatlandsmo

Alex Akselberg (27)

Frå Oslo, bur i London, besøkjer bestemor på Voss.

– Spara litt meir penger, kanskje.

Siri Flatlandsmo - HAR ALT STARTA Fange Tia har alt starta reisa inn i det nye året, og inn i ein betre versjon av seg sjølv.

HAR ALT STARTA: Fange Tia har alt starta reisa inn i det nye året, og inn i ein betre versjon av seg sjølv.Foto: Siri Flatlandsmo

Fange Tia

Frå Kina. Har alt starta på sitt forsett.

– Eg har lyst til å vera meir på eventyr. Og å verta modigare.

Godt nyttår!