annonse

– 36 drepne i sjølvmordsangrep i Afghanistan

(NPK-NTB-AFP-Reuters): Opptil 36 menneske blei drepne då ei gruppe sjølvmordsbombarar sprengde seg sjølv i lufta i Nimroz-provinsen sørvest i Afghanistan, ifølgje lokale styresmakter.

  • Ntb_admin Admin

Mellom dei som hittil er stadfesta drepne, er 21 sivile og 15 medlemmer av tryggingsstyrkane, opplyser provinsguvernør Abdul Karim Barahawi.

Minst 66 personar blei såra i angrepet tysdag, som skjedde i provinshovudstaden Zaranj i Nimroz, som grensar til Iran.

Afghansk politi opplyser derimot til Reuters at 28 personar blei drepne og over 70 såra.

Angrepet skjedde då tre sjølvmordsbombarar sprengde seg i lufta på ein travel marknad, opplyser provinsguvernøren. Ifølgje Barahawi var angrepet retta mot sivile fordi det ikkje finst offentlege bygg i nærleiken.

Visepolitimeister i provinsen Mujibullah Latifi seier at dei tre høyrde til ei gruppe på i alt elleve sjølvmordsbombarar som hadde planlagt å sprengja seg samtidig. Natt til tysdag og tysdag morgon greidde politiet å uskadeleggjera åtte av dei, seier han.

Angrepet er det blodigaste på lang tid i den relativt fredelege provinsen.

Ingen har så langt teke på seg ansvaret for aksjonen, men Taliban får ofte skulda for slike angrep. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.