annonse

45. Vossa Jazz i gang

OPNA FESTIVALEN
OPNA FESTIVALEN: Poeten Jan Erik Vold held ein opningstale som både var humørfylt og djupt alvorleg. (Foto: Ingerid Jordal)

Underfundig slentrande og ettertenksam alvorleg.

Rolf Tepstad

Jan Erik Vold drog i gang den 45. jazzfestivalen på Voss i uforlikneleg stil, med humor og alvor i passeleg blanding.

– I år har me klart å få den legendariske jazzpoeten, sjølvaste Jan Erik Vold til å opna festivalen. Ta godt imot han, sa Trude Storheim då ho introduserte den etter kvart 78 år gamle veteranen.

Fire linjer manus

– Sjølvaste og sjølvaste, fru Blom, parerte Vold sjølv, før han henta fram hugselappen til opningstalen.

– Eg har laga eit manuskript på fire linjer, sa han. – Kva er det jazzen har, som annan musikk ikkje har? Den er sjølvbevisst, ujålete, den inviterer til samtale og den har eit demokratisk sinnelag, var nokre av svara han gav.

Louis A og Billie H

Deretter fekk publikum læra litt frå poeten sine eigne møte med jazzen. Som 12-åring hadde han høyrt Louis Armstrong halda konsert i Oslo. Det må fylgjeleg ha vore i 1951. Etterpå vart det debatt i avisa om at han song så stygt.

I 1954 hadde han høyrt Billie Holiday på hennar einaste Europaturné. Han minna i den samanheng om ein av hennar mest kjente songar, som ho ikkje fekk spela inn for sitt ordinære plateselskap: Strange fruit. Han resiterte også teksten, diktet, i norsk attdikting, om den svarte mannen som var hengt i eit tre av den kvite mobben. Og var plutseleg han over i den mest alvorstunge delen av opningstalen.

– Diktet er eit varsel om tida me kan vera på veg mot også her i Noreg, åtvara han.

Kapstad in memorian

Og det var fleire sorgtunge dikt i vente, men på eit langt nærare plan, tileigna venen Egil Kapstad, jazzpianisten som døydde i fjor.

Nettopp på Vossa Jazz hausta han ein av sine største suksessar då han i 1983 leverte tingingsverket Epilog, tileigna den stilskapande jazzpianisten Bill Evans, minna Jan Erik Vold om.

– Likevel var det ikkje råd å selja inn ein hyllest kring 75-årsdagen hans til nokon av dei norske jazzfestivalane. Og framleis, snart eit år etter hans død, er det enno ikkje laga til noko markering av han. Stor skam, syntest Vold,

– Men det hjelper å vera død, lydde ei strofe i diktet han hadde tileigna Egil Kapstad, og der svarttrasta var fuglen han meinte symboliserte venen best.

– For no skal det endeleg skje. Ein hyllest til Egil Kapstad, i Trondheim, om 14 dagar, var gladmeldinga til Vossa Jazz-publikumet.

Heime på steinane

Den 45. Vossa Jazz vart elles, som dei fleste av sine forgjengarar, opna med Per Indrehus sitt verk: Heime på steinane. Også i år med Jørn Styve som lurblåsar, og med komponisten sin son Jørund Indrehus over tangentane.

Verket let like mektig i år som alltid, noko ein fullsett Vossasal tydeleg sette pris på.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.