annonse

46. plass på Sjur

I MÅL
I MÅL: Sjur Røthe fullførte andre etappe i Tour de Ski i Sveits. I år er 12. gong touren vert arrangert. (Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix/arkiv)
Tour de Ski

Røthe gjekk i mål nesten to minutt bak den sveitsiske vinnaren på 15 kilometer klassisk.

Siri Flatlandsmo

Laurdag gjekk fyrste etappe i Tour de Ski, langrennssporten sin Tour de France, av stabelen.

På siste dag av 2017 stod 15 kilometer klassisk på planen. Ette femten tunge kilometer gjekk Røthe i mål på 46. plass, 1 minutt og 59 sekund bak vinnar Dario Cologna.

Johnsrud Sundby kniva om sigeren

Då fem kilometer var passert, låg Sjur Røthe 38,6 sekund bak raskaste mann. Etter ei mil på ski hadde han ramla på listene. No var han over eitt minutt bak leiaren, russiske Alexander Bolshunov. På dette punktet låg Martin Johnsrud Sundby 11,5 sekund bak russaren, ein tidel framføre Aleksej Poltoranin frå Kazhakstan.

Martin Jonsrud Sundby, som vann heile touren i fjor, tapte mykje på slutten og endte opp 12,5 sekund etter Poltoranin i mål.

Dei siste kilometerane sneik sveitsiske Dario Cologna, som tidlegare har vunne touren tre gonger samanlagt, seg inn 0,6 sekund framføre Poltoranin på heimebane. Då vart Johnsrud Sundby skyvd ned til ein 3. plass.

– Dario Cologna, han er tilbake! For ein dag, og for ei helg for sveitsisk langrenn! ropar kommentatorane på TV2.

Russaren Bolshunov gjekk i mål eit lite sekund etter Johnsrud Sundby.

Kjempar vidare i Tyskland og Italia

Klokka 15, sundag, skal damene gå andre etappe.

Når dei er ferdige, er dei to fyrste av sju etappar over. 2018 vil starta med  jaktstart 10 kilometer fristil måndag.

Så får løparane ein pausedag før dei skal til pers i Obersthof i Tyskland pg seinare Val di Fiemme i Italia. Der endar turen i den kjende monsterbakken 7. januar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.