annonse

50-årsjubileum for Vossarussen ’68

VOSSARUSSEN 1968
Vossarussen 1968: På fyrste rad er Aud Dolve Eikrem, Anne-Brit Dræge, Ingeborg Nesheim Backer, Kari Vinsand, Annbjørg Sletten Samland, Jorunn Småbrekke Gjersvik, Gerda Møen Line, Siri Ørnholt Knott, Vigdis Flage Dale. Andre rad er Gudni Haugen Nastad, Gunvor Skiftun, Marta Lydvo Madsen, Aud Jorunn Fadnes, Ingunn Vambheim Styve, Solveig Hylland Røthe, Brit Randen Refsdal, Randi Skredegård Solberg, Ingrid Ygre Wiig, Anne Grethe Langeland Nes, Haldis Opheim Rogde, Astrid Kvåle Skiple, Astrid Småbrekke, Karna Hauge, Helga Bystøl Berland, Arve Rauk, Gjermund Valland. Tredje rad er Jens Øyvind Loven, Gunvor Bråten, Arnlaug Steine, Per Morken, Ole Martin Uthus, Jarle Myklebust, Jon Egil Heggstad, Ivar Refsdal, Magnus Vestrheim, Arne Almendingen, Arne Loven, Kjell Skaaheim, Asgeir Straume, Ole Bjørnar Styve, Ole Eirik Berge. Fjerde rad er John Hillmann, Ole Kristian Skorve, Lars Gunnar Lundblad, Nils Inge Haaland, Tore Tvilde, Øystein Line, Inge Hjertaas, Ingebrigt Nesheim, Gisle Gardar Øye, Trygve Einar Haugen, Jan Tore Larsen, Ole Johan Haugland, Odd Netland, Tor Amund Gjersvik, Roald Soltveit. (Foto: Kjell Herheim)

Ei rekkje av russen i 1968 var nyleg samla til jubileum og attersyn.

8.–10. juni var det treff på Voss for 56 personar av eit kull på 95 med 77 attlevande. Ein del bur på Voss, men også mange kom tilreisande.

Fredag kveld var det uformell samling til eit måltid i Villa Helgheim. Laurdag møttest fyrst gruppa for omvising på nye Voss gymnas, til ei heilt anna verd enn då 68-arane trødde her.

Etterpå lunsj på Park hotell og om kvelden festsamkome på Kringsjå pensjonat. 68ar-skalden kom med ei kjekk mimrevise, og festlyden fekk presentert mang ei sannsoge frå gymnastida då størsteparten av elevane budde på hybel.

Sjølv om åra har gått, og personane har forandra seg både i sinn og skinn sidan skuledagane på Gymmen, fann me fort tonen og kosa oss i lag.

Vossakomiteen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.