annonse

59-åring omkom i fallulukke på Voss

MANN OMKOM I FALLULUKKE
MANN OMKOM I FALLULUKKE: Ulukka skal ha skjedd i dette området på Grauo. (Foto: Karl Ystanes)

Ein 59 år gammal mann omkom i ei fallulukka på Grauo måndag morgon.

Ingvild Siglen Berger

Alle naudetatar rykte ut til ulukka, der ein person vart stadfesta omkomen etter fall i eit steinbrot. Han skal ikkje ha tilknyting til arbeidet i steinbrotet. 

– Me fekk melding om ulukka klokka 09.31. Den går ut på at ein mann har falle utfor ein skrent og ned i eit steinbrot, seier lensmann Ivar Hellene på Voss.

Etterforskar årsaka

Politiet har vore på staden og jobbar med å få klarleik i kva som skal ha skjedd. Hellene opplyser at det er for tidleg å seia heilt sikkert kor langt mannen skal ha falle, men operasjonssentralen i Bergen melder at han skal ha falle 20 meter ned skrenten.

Dei pårørande er varsla. 

Dreiv fyrstehjelp

Ole Petter Flage, dagleg leiar i Voss Stein AS, fortel at to av hans tilsette på staden kom tett på ulukka måndag.

– Dei dreiv fyrstehjelp og forsøk på gjenoppliving, men lukkast ikkje. Dei gjorde alt dei kunne for å hjelpa, seier han.

Flage fortel at dei tilsette har samla seg for å snakka ut og gå gjennom det som har skjedd. Han stadfester at den omkomne ikkje er tilsett i Voss Stein AS. 

– Dette er utruleg trist. Tankane våre går fyrst og fremst til familien hans, seier han.  

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.