annonse

AFS søkjer vertsfamilar

TILSKOT TIL FAMILIEN
TILSKOT TIL FAMILIEN: 127 spente vidaregåandeelevar kjem til Noreg i august. Men nesten ein tredel av dei har ikkje fått vertsfamilie enno. (Foto: AFS)

Dei pakkar sekken for å reisa til Noreg. Men 52 av dei komande utvekslingselevane manglar framleis ein stad å pakka ut.

Siri Flatlandsmo

AFS er berre éin av ein av organisasjonane som søkjer familiar til å ta imot eventyrlystne ungdommar det komande skuleåret.

Emma Øien frå AFS Norge Internasjonal Utveksling håpar fleire familiar no vil opna dørene til ein av dei 127 reisande.

– Du blir glad i dei

Øyen har mange grunnar kvifor akkurat du skal opna heimen din for ein langvegsfarande vidaregåandeelev.

– Fordi det er gøy og spanande. Du tek inn ein elev frå andre sida av verda og lærer utruleg mykje. Og så får du eit nytt familiemedlem. Du blir glad i dei, seier ho.

Det kan Øien seia av erfaring, for ho har sjølv vore vertsfamilie.

Krevjer ikkje mykje

Å ta ein elev inn i huset skal vera ein positiv oppleving for både elev og familie. Ein vertsfamilie skal opna heimen og stiller med kost og losji og ei eiga seng til eleven.

– Dei skal vera ein del av familien og ta del i ein norsk kvardag, seier Øien.

Ho legg til at viss elevane vil vera med på fritidsaktivitetar, har dei med seg sparepengar til å betala for dette sjølv.

– Du får verda rett inn i stova! seier ho engasjert.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.