KREV TRYGG VEG: Elise (7) og Tuva (10) Hansson Eide på Evanger har mange i klassen som må ta skulebuss langs E16 kvar dag. FOTO: Ingerid Jordal

Aksjonerer for ny E16

Litt over hundre personar møtte opp på Øyrane Torg i Arna sundag ettermiddag for å markera si misnøye med utsett K5-start.

Publisert 19.03.2017 kl. 16.16. Oppdatert kl. 07.27.

«Nok prat!», «Me krev trygg skuleveg!» og «Ny veg før det blir for seint!» stod det å lesa på plakatane på Øyrane torg sundag.

SENDA SIGNAL: Fleire hundre har møtt opp på Øyrane Torg sundag ettermiddag for å markera si misnøye med utsett byggjestart for ny veg og bane mellom Arna-Voss. FOTO: Ingerid Jordal

Klart signal

Dei fleire hundre frammøtte vona å senda eit klart signal til regjeringa om at dei ikkje aksepterer utsett byggjestart for ny veg og bane mellom Voss og Arna. Også mange yrkessjåførar har møtt opp med sine vogntog og lastebilar.

Aksjonist Laila Himle står i spissen for markeringa, der ho og med-tilskipar Sveinung Riber (H) har invitert politikarar til å vera med og halda eigne appellar.

APPELL: Sveinung Riber tordna frå scena under markeringa for ny E16. FOTO: Ingerid Jordal

Ingen minister

Dei hadde også invitert statsråd Ketil Solvik-Olsen, som glimra med sitt fråvær.

- Eg var på rasstaden ved Bolstad i 2015 då han kom med lovnaden, og eg kunne ikkje unngå å høyra kva han sa; oppstart i 2021, tordna Riber frå «scena», som for anledninga var ein parkert trailer.

I etterkant av appellane hadde yrkessjåførane ein aksjon på E16.