annonse

Alle friluftsområda i Vaksdal skal kartleggjast

PÅ TUR
PÅ TUR: Elevar ved Eksingedalen skule går gjennom vakkert naturlandskap. (Foto: Eksingedalen skule/Arkiv)

– Det er eit mål at alle skal kunna driva friluftsaktivitetar i nærmiljøet sitt, og no vert alle friluftsområda i Vaksdal kommune kartlagde.

Jan-Egil Dyvik

Fylkeskommunen, Bergen og Omland Friluftsråd og Vaksdal kommune, er i sluttfasen med å gjennomføra eit prosjekt der alle friluftsområda i kommunen skal kartleggjast.

– Det er eit nasjonalt mål at alle kommunane i landet skal ha gjort ei slik kartlegging innan 2018, skriv kommuneplanleggjar Gjertrud Karevoll, i ei sak som kommunestyret skal handsama komande måndag.

Heile prosjektet er starta av Miljødirektoratet og forankra i nasjonale strategiar om dette emnet.

Viktig ressurs

– Generelt vert me meir og meir stillesitjande, og store summar vert brukte på helsetiltak, skriv Karevoll på kommunen si nettside.

Friluftsliv er ein viktig ressurs med stor nytteverdi. Det gjev betre helse og auka livskvalitet til ein svært låg kostnad, dersom områda er tilgjengelege.

– Det er difor viktig for kommunen å vita om kva slags friluftslivsverdiar kommunen faktisk har, og kva slags tiltak som er naudsynte i dei ulike områda, heiter det.

Ingen bindande plan

Kartlegginga legg særleg vekt på nærmiljøområda, ferdselsårene og grøntområda i og nær busetnaden og tettstadene.

– Dette er ikkje nokon juridisk bindande plan, men han skal fungera som eit kunnskapsgrunnlag og eit temakart. Det skal vera informasjon om dagens friluftsaktivitetar som seinare kan verta brukte i relevante samanhengar i lag med andre temakart, skriv Karevoll i saksutgreiinga.

116 område

Det er no klart eit utkast til temakart som skildrar 116 ulike område i Vaksdal kommune. Desse skal presenterast på to folkemøte, eitt i slutten av denne månaden på Dale og eitt til ei lita veke etter på skulen på Bergo.

Til prosjektet har kommunen motteke tilskot frå fylkeskommunen på 90.000 kr som dekkjer kostnader til eksterne ressursar og digitale kart.

– I tillegg har me nytta interne ressursar i prosjektet, med rundt 20 dagsverk, skriv Karevoll.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.