annonse

Alpinstart som slår alle rekordar

MYRKDALEN
MYRKDALEN: – Fjorårssesongen var totalt all-time high på omsetninga. Men fram til dags dato ligg me meir enn 40 prosent over fjorårstala så langt, seier adm.dir. Harald Haaland i Myrkdalen Fjellandsby. (Foto: Siri Flatlandsmo/Arkiv)

Myrkdalen Fjellandsby har aldri hatt maken til sesongstart som dét dei opplever denne vinteren.

Rolf Tepstad

– Fjorårssesongen var totalt all-time high på omsetninga. Men fram til dags dato ligg me meir enn 40 prosent over fjorårstala så langt, seier adm.dir. Harald Haaland i Myrkdalen Fjellandsby.

Tala for joletrafikken gjev i så måte eit klart inntrykk av biletet. Jola 2016 hadde fjellandsbyen 12.778 gjester i trekk og heisar, jola 2017 var til­svarande tal 17.871 gjester. Auken utgjer dermed praktisk tala 40 prosent.

– Fyrste delen av fjorårs­sesongen var prega av mykje dårleg vêr, medan siste delen var svært sterk. Så me skal uansett jobba hardt for å halda denne vekstraten heile sesongen ut, understrekar Haaland.

Han er likevel optimist: Myrkdalen Hotel har pr. dags dato utsikter til nokolunde same trafikk for resten av vinteren som i fjor.

– Men framleis er det lenge att av salssesongen, og mykje ny trafikk kan enno koma inn. Mellom anna opplever me sterkt aukande interesse frå den britiske marknaden denne sesongen, kan Harald Haaland fortelja.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.