annonse

Alvorleg skadd i motorsagulukke

LUFTAMBULANSE
LUFTAMBULANSE: Den skadde mannen vart frakta med helikopter til Haukeland universitetssjukehus. Biletet er brukt som illustrasjon (Foto: Daniel Melve Kvarme)

Sundag vart ein mann alvorleg skadd i arbeid med motorsag i Folkedal i Granvin.

Sigrid Seim

Det var Gunnar I. Folkedal (68) som kom til skade.

Han arbeidde med motorsag og vedkløyvar då han mista kontrollen på saga og skadde seg stygt i venstre armen.

Rask naudhjelp

Son til den skadde, Lars Ingvald Folkedal, opplyser at hovudpulsåra i armen vart skadd, og likeins ein god del av muskelen.

Kona som var med den skadde under arbeidet, bruke ein genser for å knyta om armen hans, før ho varsla naudetatar om ulukka. Like etter kom ein nabo og svigerdottera, og hjelpte til med å bandasjera og stoppa blødinga.

Brannvernet fyrst på staden

– Brannvernet var deretter dei fyrste som kom på staden, og ikkje lenge etter ambulansebil og helikopter. Då hadde det berre gått litt over 20 minuttar frå ulukka var varsla, opplyser sonen, som synest dette var rask respons.

Mannen vart frakta til Haukeland universitetssjukehus, og operert same kvelden, opplyser sonen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.