annonse

Amalie best i Europa

GULLKLEMMEN
GULLKLEMMEN: Amalie får ein skikkeleg god klem av mamma Torgunn Hegland. FOTO: ØRJAN BRATTETVEIT (Foto: Ørjan Brattetveit)

Amalie Hegland Lauritzen flaug til EM-gull på heimebane.

Ørjan Brattetveit

– No er det skikkeleg mange kjensler! Det er sterkt å ha jobba så mykje, og så vinna EM-gull heime på Voss, seier Amalie Hegland Lauritzen.

I dag sikra ho seg gullet i tidenes fyrste europameisterskap i kroppsflyging, som gjekk av stabelen i VossVind.

Amalie la eit godt grunnlag for sigeren alt fredag. Før dagens omgangar, leia vossingen med 0,8 poeng. I løpet av dagen auka ho ørlite, og sikra seg gullet 0,9 poeng framfor Tyskland.

Like etter at sigeren var eit faktum fekk vossingen mange klemmar og gratulasjonar for EM-gullet.

– Det er kjekt å få så mykje kjærleik, seier Amalie Hegland Lauritzen – og får ein ekstra stor klem av mamma Torgunn Hegland

Medaljeseremonien er i Vossasalen kl. 19.00 i kveld.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.