annonse

Amfi får Mekk-butikk

AMFI
AMFI: Truleg kjem Mekk til Amfi neste år. (Foto: Sjur Herre/Arkiv)

Kjeda Mekk snusar no på Voss, og håpar å vera etablert på Amfi i løpet av ettervinteren 2018.

Rolf Tepstad

– Mekk er eit franchisekonsept med varespekter ca. som Biltema, opplyser Bjørn Aase Haakonsen, administrerande direktør for Mekk Skandinavia.

– Me sel handelsvarer innan bil, båt, heim og fritid, mynta på gjer det sjølv-marknaden. Visjonen vår er å skapa dei mest spenstige handyman-butikkane i Noreg, seier han.

Franchisepartnar

Det som konkret skjer på Voss nett no, er at Mekk søkjer etter ein samarbeidspartnar på franchise-basis. Med andre ord ein person som kan eiga og driva butikken på Voss gjennom eit avtalefesta samarbeid med kjeda Mekk.

– Og me har alt eit lokale på Amfi i kikkerten, kan Haakonsen fortelja.

Og dersom nokon lurer på kva Mekk står for, så er kjedenamnet samansett av fylgjande fire honnørord: Modig, Enkelhet, Kompetanse og Konkurransedyktig.

Her i Hordaland finst det alt Mekk-butikkar på Sotra, Askøy, Stord og Husnes, til dømes.

Februar eller mars

– Kor lang prosess ser du for deg med å finna den lokale samarbeidspartnaren?

– Normalt tek ein slik prosess to til tre veker, når me fyrst har dei aktuelle namna på blokka, seier Haakonsen.

– Og det me ser etter er ein person med røynsle frå detaljhandel, som samstundes har forståing av det økonomiske aspektet med butikkdrift. Men i tillegg skal jo vedkomande få på plass bankavtale og få det finansielle i orden. Deretter skal butikklokalet omformast til Mekk-butikk og varene koma på plass. Det er såleis ikkje realistisk med opning før i februar eller mars 2018.

Adm.dir. Haakonsen opplyser at Mekk pr. i dag har 20 butikkar i Noreg, og at to til skal opnast før jolehandelen 2017.

Ein 23. butikk er planlagt opna tidleg på nyåret 2018, så butikken på Amfi vil eventuelt verta den 24. i rekkja, får Hordaland opplyst.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.