Anders (31) er på jakt etter ei dame å flyga med

– Det hadde vore fint å sleppa å koma heim og laga Fjordland.
Namn: Anders Ringheim
Alder: 31
Yrke: Bryggeriassistent på Voss Bryggeri
Bustad: Koglehaugen, Skulestadmoen
– Hei Anders! Kven er du?
– Eg er ein vossing som flyg paraglidar og som både bryggjer og er glad i godt øl. Eg har floge paraglidar sidan 2004 og acro og tandem sidan 2006. Elles er eg glad i ein god fest. I helga skal eg på festival og då tek eg med meg 80 liter øl som eg skal gje vekk, så eg er vel litt gåvmild av meg. Det er moro å bryggja øl, men eg treng hjelp til å drikka den.
– Kvifor har du lyst på kjærast?
– Ein må jo ha kjærast, og det er moro å ha ei dame. Det hadde vore kjekt å ha nokon å flyga med og festa med. I tillegg hadde det vore fint å sleppa å koma heim og laga Fjordland.
– Korleis er draumedama?
– Ho er sporty, men ikkje så sporty at ho slit meg heilt ut. Men det er positivt om ho klarer å få meg med på fjellturar. Elles er det eit pluss om ho likar godt øl og torer å bli med å flyga. Eg ynskjer meg ei dame som ikkje er for innpåsliten. Det er viktig at eg får rom til å gjera mine ting, og at ho får rom til å gjera sine ting.
– Korleis er draumedama på innsida?
– Ho er grei og roleg. Ho er rett og slett kjekk å vera saman med. Elles er det fint om ho er god til å lytta og likar kompisane mine.
Vil du på stemnemøte med Anders?
Eller vil du vera med i singelspalta sjølv? Ta kontakt med oss!
OBS! Me vernar om våre kjelder.
Send e-post til kjaerleik@avisa-hordaland.no
... eller send melding på Snapchat til avisahordaland
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.