annonse

– Arkitektane har for mykje innverknad på resultatet

NYBYGG
NYBYGG: Nye Modalen nærings- og tenestesenter er planlagt i bakkant av husa på brygga. Målet til kommunen er å avgjera om dei skal byggja eller ikkje, før sommaren. (Foto: Modalen kommune)
MAKTA
MAKTA: Sigmund Vikane, her i samtale med teknisk sjef Tone Selmer Skuggevik på eit tidlegare møte, var ikkje glad for at arkitektane ser ut til å leggja premissane, meir enn kommunen, for det nye nærings- og tenestesenteret som er planlagt. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Kven er det som legg premissane for korleis det nye nærings- og tenestesenteret i Modalen skal sjå ut? Arkitektane eller kommunen?

Jan-Egil Dyvik

Det spørsmålet stilte Sigmund Vikane på kommunestyremøtet torsdag. Og han gav svaret sjølv.

– Eg for min del tykkjer det vert litt for stort fokus på det arkitektane lagar til, og det likar eg ikkje, sa Vikane vidare.

Både han og andre etterlyste informasjon på møtet som gjekk på kva kommunen kunne få i leigeinntekter i det nye bygget.

– Me skulle vel få ein status på kvar me er i prosessen, men det ser det ikkje ut for at det er lagt opp til? spurde Vikane vidare.

Sak i mai

Rådmannen svara at han ikkje var klar med saksgrunnlaget enno.

– Slik framdrifta no er, så vil eg rå til at me tek saka opp i mai, med tanke på ei avgjerd før sommaren. Det er ei stor og omfattande sak, og det er mange opplysingar som skal inn før me kan koma med ei tilråding, meinte rådmannen.

Han minna også om at aprilmøtet på mange vis er sett av til saka om nytt bustadareal i Modalen. Dei folkevalde skal også på synfaring denne dagen.

– Men me kan også setja av ein god bolk i møtet som går på spørsmål og drøftingar om nybygget, føreslo han.

Folkemøte også?

– Ja, er ikkje de klare, så er heller ikkje me det. Eg har til dømes spørsmål om sjølve plasseringa av bygget. Vil me ha det så trongt i sentrum? Det er plass på baksida, og det kan ikkje vera noko til hinder for å flytta bygget noko bakover, sa Vikane.

Han føreslo også å presentera saka på folkemøte, det vil ta tid, men tid må ein ta seg.

– Slik sett klarer me kanskje ikkje å ta noko endeleg avgjerd i mai eingong, men før sommaren må me klara å få dette til, understreka Vikane.

Drøftingsmøte bak lukka dører?

Kommunestyret har fått for lite detaljar om prosjektet, påpeika Vikane vidare.

– Me skal ta opp lån på rundt 40 millionar kroner, og det vil pressa økonomien vår endå meir i mange år framover. Kan henda burde kommunestyret hatt drøftingsmøte også?

– Der kunne me ha snakka meir fritt, sjølv om eg veit at pressa ikkje er så glad i slikt, vedgjekk han.

Det tek tid både å planleggja og byggja eit slikt bygg som dette, poengterte varaordførar Kristin Nåmdal.

– No må me ta oss den tida me treng, om me må ha ekstra møte, så gjerne det. Og skal me ha folkemøte, ja, så gjennomfører me det også. Målet må vera å få fram ei sak som gjer at me kan seia ja eller nei til eit nytt bygg før sommaren, avslutta varaordførar Kristin Nåmdal dette ordskiftet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.