annonse

Askepott kjem til Voss kino

PÅ INNSPELING
PÅ INNSPELING: Om Sigbjørn Rognebakke og Randi Beate Haug hadde visst at filmen «Tre nøtter til Askepott» snart skulle verta vist på ein vaskeekte kino, ville dei kanskje smilt endå breiare. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
ASKEPOTT OG PRINSEN
ASKEPOTT OG PRINSEN: Bordølen Anne Siri Himle og bærumsguten Alexander Ydalus synest filmen gjekk over all forventning etter premieren. (Foto: Siri Flatlandsmo)
PÅ PREMIEREN
På PREMIEREN: Det var god stemning under premieren i Hovdatun. No etterlyser resten av Vossingane den heimelaga filmen. Då gjer kinokonsulent Atterås dei det. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Voss kino har vorte «rent ned» av spørsmål om å setja opp «Bordalsfilmen». Kino skulle det verta.

Siri Flatlandsmo

– Eg reknar med det vert «Se og Hør» neste, sa prinsen, a.k.a. Alexander Ydalus, spøkefullt etter premiereframsyninga av «Tre nøtter til Askepott» i Hovdatun på Bordalen i oktober.

Lite visste han om at snart skulle han koma til å sjå seg sjølv på storskjerm i ein ordentleg kinosal før året er omme.

Kinokonsulent Ann Karin Atterås såg seg nøydd til å setja opp filmen på Voss kino i melsdagane.

– Det verkar som alle vil sjå den. Folk ringjer og kjem innom kulturhuset for å få kjøpt billettar, og eg får spørsmål både når eg på trening og på julehandel om den «Bordalsfilmen» snart kjem på kino, seier Atterås.

God start på billettsalet

Ho måtte gjera noko, og fekk lagt filmen inn i Filmweb-systemet.

– Etter berre nokre få timar etter at den blei lagt ut på nettsida vår, gjekk det unna eit titals billettar. Det er sjeldan me opplever eit slikt «trykk» når det gjeld førehandssal, seier Atterås.

– Skummelt, men spanande

«Tre nøtter til Askepott» er ein spelefilm laga av Bordalen ungdomslag, men Marit Norheim Olde i spissen. Handlinga er den same som i den kjende jolefilmen, men med lokale skodespelarar, med tullespråk og lokale morsamheiter.

– Me er jo amatørar. Me kan jo ingenting av det me har gjort, sa Marit Norheim Olde på premierekvelden.

Då filmen hadde ein svært lokal premiere, var ikkje tanken å spreia den noko meir. Likevel, no erobrar bordølene Vangen.

– Det er skummelt, men spanande, har Norheim Olde uttala til kinokonsulenten.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.