annonse

Aukar satsinga på folkedans og hardingfele

TEK SATS
TEK SATS: Ole Bull Akademiet vil styrkja folkedansen og folkemusikken. På biletet sparkar Torkjell Lunde Børsheim hatten av stauren under eit sommarleg Husmannstovetreff i Kvemmadokkje i Ulvik. ARKIV (Foto: ANNE RIVENES)
NYTILSETT
NYTILSETT: Magni Rosvold skal jobba for auka fokus på folkedans i Hordaland.

Rett før me gjekk inn i det nye året, vart det gjort to nye tilsetjingar på Ole Bull Akademiet. Magni Rosvold og Wiebke Lûders skal syta for at både folkedansen og hardingfelene vert godt ivaretekne i distriktet.

  • Bodil Sekse

Bakgrunnen for tilsetjingane er eit ynskje om å styrkja folke­musikken og folkedansen si rolle i regionen.

Ole Bull Akademiet, hardingfela.no og Hardanger og Voss museum­ har eit ynskje om at 2016 skal verta eit år i folkemusikken sitt namn.

Folkedans i fokus

Magni Rosvold frå Eikelands­osen i Fusa er tilsett som leiar for forprosjektet «Folkedans i Hordaland». Meininga er at forprosjektet skal leggja eit grunnlag for fleire år med fokus på folkedans i Hordaland.

For sjølv om folkedans er ein viktig del av kulturen i fylket­, er rekruttering jamt over utfordrande­. Dette ynskjer prosjektet hardingfela.no å gjera noko med.

- Det skal satsast på utvikling, forvalting og formidling av danse­tradisjonane, fortel Rannveig Djønne, prosjektkoordinator for hardingfela.no.

Rosvold har bachelorgrad i dansevitskap, og spelar både hardingfele og dansar folkedans. Ho gler seg til å starta opp i den nye stillinga på Ole Bull Akademiet i februar.

- Dette er akkurat ein slik jobb eg har drøymt om i mange år. Eg brenn for å lyfta folkedansen i Hordaland, seier Rosvold.

Skal ta vare på hardingfelene

Wiebke Lûders er opphavleg frå Tyskland, og har teke utdanninga si i Wien. Ho har lang erfaring som instrumentkonservator, og har arbeidd fleire stader i både Europa og Amerika.

I fjor oppsøkte Lûders Ole Bull Akademiet for å læra meir om hardingfela, og i haust arbeidde ho ein månad i verkstaden hjå Sigvald Rørlien.

Kunnskapen hennar vart lagt merke til, og no har ho nyleg takka ja til eit 50 prosent engasjement som instrumentkonservator og restauratør.

Lüders skal ta vare på felene i samlinga på Ole Bull Akademiet, og ta seg av dei mange instrumenta som kjem inn på verkstaden for reperasjon.

Eit lyft for fagmiljøet

- Vårt alt sterke fagmiljø på Ole Bull Akademiet får eit lyft ved at me får inn endå større kompetanse på folkedans gjennom Magni, og Wiebke har ein kompetanse som er gull verd for hardingfelemakarastudiet, seier Jo Asgeir Lie, rektor på Ole Bull Akademiet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.