annonse

Avdempa i Vangskyrkja

SAMSPEL
SAMSPEL: Jasser Haj Youssef og Benedicte Maurseth spela i hovudsak kvar for seg, men møttest også i ei rekkje fellesnummer undervegs i konserten. (Foto: Vidar Herre)

Vossa Jazz sin tradisjonelle sundagskonsert i Vangskyrkja var også i år ein nedtona og avdempa oase for trøytte festivalløver.

Rolf Tepstad

Med vår eiga Benedicte Maurseth på hardingfele og Jasser Haj Youssef på viola d'amore fekk publikum fem kvarter med mollstemd, melankolsk, men trolsk vakker musikk for slitne øyregangar. Her var det berre å lukka auga og flyta inn i ei verd av mjølk og honning. Stundom spela Maurseth og Youssef saman, men for det meste fylte dei kyrkjerommet kvar for seg. Utgangspunktet var henta frå norske folketonar, der Maurseth si hardingfele var hovudinstrumentet, men der ho også steig inn i rolla som kvedar. Frå Youssef og hans viola d'amore, også den utstyrt med eit knippe trolske understrengjer, var menyen meir i retning tradisjonell barokkmusikk.

- Youssef spelar mest improvisasjonar, kunne Maurseth fortelja. For oss som høyrde på, let resultatet uansett både ferdig spikra og dyktig knadd.

Vangskyrkja var fullsett, slik at også galleriet måtte takast i bruk for at heile det entusiastiske publikummet skulle få plass. Og då det heile var over, takka dei for konsertopplevinga med ståande applaus!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.