annonse

Avsporing i Bergen - toga går berre til Arna stasjon

ARNA
ARNA: Inntil vidare er Arna stoppestasjon for bergensbanen. (Foto: Lars Olve Hesjedal/arkiv)

I natt spora eit godstog av like før jernbanestasjonen i Bergen. Dermed er all togtrafikk mellom Arna og Bergen stoppa.

Jan-Egil Dyvik

Også for togtrafikken mellom Voss og Bergen er det vanskar.

Togsett innestengde i Bergen

Fleire lokaltogsett står innestengde på Bergen stasjon og kjem seg ikkje derfra. Dermed er det mange på togsett til å frakta passasjerar mellom Voss og Bergen, og enkelte avgangar har blitt innstilt. Men her prøver dei å få til buss for tog-ordningar.

Meldingane like før 08 er at ein ikkje reknar med å få i gang godstrafikken i dag, men har håp om å få orden på persontrafikken i løpet av dagen.

Alternativ transport

Vy arbeider med å organisera alternativ transport med buss for passasjerar mellom Arna og Bergen.

Dermed er Arna endestasjon for Bergensbanen inntil vidare. Havarikommisjonen var venta til Bergen kl. 09 og det vert ikkje gjort noko før dei har sett på det som har skjedd.

Ingen skal vera skadde i ulukka, men to konteinarar velta under hendinga.

Straumen er kopla frå slik at ingen tog kan passera.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse