Avisa Hordaland

Badnateigen

Det siste måltidet

Det siste måltidet

– Eg synest det er kjedeleg og dumt at me ikkje skal få gratis lunsj på skulen lenger, seier Victoria Opheim (11).

Det ringjer inn og klokka slår 11.00. Elevane i 5.–10. klasse på Brakanes barne- og ungdomsskule står utanfor døra til kantina, klare for dagens lunsj. Kantinearbeidaren opnar, og fleire elevar spring inn. På eit langbord står det brødmat, smør og pålegg som kvitost, kaviar og leverpostei klar til elevane. Nokon av dei fyrste som forsyner seg er Ciara Præstiin (11), Victoria Opheim (11), Hannah Tveit (11) og Alma Li Hjartnes (10). Dei likar godt brødskive med brunost eller kalkunpølse på, fortel dei.

– Her var det mykje pålegg. I dag tek eg skive med brunost, seier Hannah til dei andre jentene.

Dei forsyner seg og set seg ned ved eit bord i kantina. Dei snakkar saman og tek eit bit av skiva si.

– Eg synest det er teit at me ikkje skal få mat i kantina lenger. Eg likte veldig godt tomatsuppa me fekk, fortel Ciara.

Se dette bildet i full størrelse
Marita Saue Hamre - GRATIS LUNSJ Elevane i Ulvik har fått tilbod om gratis mat tre dagar i veka i rundt 13 år, men denne veka vart det slutt.

GRATIS LUNSJ: Elevane i Ulvik har fått tilbod om gratis mat tre dagar i veka i rundt 13 år, men denne veka vart det slutt.Foto: Marita Saue Hamre

Se dette bildet i full størrelse
Marita Saue Hamre - LUNSJ Elias Vestrheim (11) smør seg skive og et lunsj i kantina på skulen.

LUNSJ: Elias Vestrheim (11) smør seg skive og et lunsj i kantina på skulen.Foto: Marita Saue Hamre

Siste lunsjen

Elevane i Ulvik har fått tilbod om gratis mat tre dagar i veka i rundt 13 år på skulen, men denne veka er det slutt. På grunn av kutt i budsjettet til skulen, så blir det ikkje meir gratis lunsj. Både gutane og jentene i klassane synest dette er trist.

– Det er sosialt når me kan sitja og eta i kantina. Her er det roleg og me kan snakka saman, seier Alma.

Jentene er einige, og fortel at det fort blir mykje bråk i klasseromma når dei et der. Men dei har òg nokre andre ynskje til maten.

– Det som hadde vore draumen, var å få servert varm mat, kvar dag. Det gjer dei på nokon skular, veit eg, fortel Ciara.

Dei et opp skiva si, drikk opp mjølka og snakkar vidare om korleis skulekvardagen blir utan lunsjen.

– Då lyt me bruka lang tid om morgonen for å laga niste, konkluderer jentene.

Veldig dumt

På nokre bord litt lengre inn i kantina, sit gutegjengen Lars Sander Børsheim (12), Adrian Børsheim Rostrup (11), Tobias Halstensgård (11), Khaled Alali (12) og Elias Vestrheim (11).

Se dette bildet i full størrelse
Marita Saue Hamre - MAT Hannah Tveit, Ciara Præstiin og Victoria Opheim finn seg gratis lunsj i kantina på Brakanes barne- og ungdomsskule.

MAT: Hannah Tveit, Ciara Præstiin og Victoria Opheim finn seg gratis lunsj i kantina på Brakanes barne- og ungdomsskule.Foto: Marita Saue Hamre

– Kva tenkjer de om at dette er siste måltidet?

– Det er veldig bra med mat, så det er dumt at me ikkje får gratis lunsj lenger, seier Elias.

Dei fortel at det er kjekt å sitja i kantina og henta seg mat. Aller helst skulle dei fått mat kvar dag, men no må dei altså laga niste og ta med på skulen.

– Eg synest det er dumt at me må laga niste. Då må eg laga sjølv, og då tek eg heller med meg godteri, forklarar Khaled og ler litt.

Favorittpålegget til gutane rundt bordet er sjokoladepålegg eller ost og skinke.

– Dersom eg kunne velja, så hadde eg hatt sjokoladepålegg på nista kvar dag, ler Lars Sander.

Resten av gutane er einige.

Ingen gledas dag

Rektor på Brakanes barne- og ungdomsskule, Thor Erling Larsen, fortel at det var mange som vart skuffa av heradsstyret sitt vedtak om å leggja ned kantina, for å inndra halvparten av pengane ein sparte på dette.

– Elevrådet, tilsette og foreldra sitt arbeidsutval (FAU) har peika på at dersom ein no må skjera ned på noko i skulen, så er det betre at ein kuttar ned på gratis skulemat enn på lærarstillingar, seier Larsen.

Elevrådet og FAU bad om at alle pengane som vart avsette til kantina og gratis skulemat, heller vart nytta til lærarstillingar.

– Det var eit vanskeleg råd å gje, men det viste seg at også elevane vurderer læringa som viktigare enn gratis skulemat, fortel han.

Marita Saue Hamre - SOSIALT Lars Sander Børsheim (t.v.), Adrian Børsheim Rostrup, Tobias Halstensgård, Khaled Alali og Elias Vestrheim synest det er sosialt å eta lunsj saman.

SOSIALT: Lars Sander Børsheim (t.v.), Adrian Børsheim Rostrup, Tobias Halstensgård, Khaled Alali og Elias Vestrheim synest det er sosialt å eta lunsj saman.Foto: Marita Saue Hamre

Sosialt

Han legg til at skuffelsen vart ekstra stor då heradsstyret valde å inndra halvparten av den summen ein sparte, som elevane og foreldra ville nytta på fleire lærarar.

– Elevane kjenner seg nok litt lurte, forklarar Larsen.

Men elevane skal framleis få nytta kantina til å eta nista si.

– Eg vonar at elevar og føresette går saman om å laga gode og spennande nistepakker som kan smaka like godt som kantinematen. For mat, frukt og drikke er viktig for læringsarbeidet på lange skuledagar, seier rektoren.

Målet er at det skal vera lika sosialt i matpausane, trass i at elevane må ha mat med sjølve.