Avisa Hordaland

Badnateigen

Skeisemoro på Vangen

Skeisemoro på Vangen

Tysdag fekk ein liten gjeng vera fyrst ut og testa isbanen ved Gamlekinoen. – Me må gå fleire gonger og øva oss, seier Vera Kosovic Høvset (6).

Sidan før helga har det vorte arbeidd med å leggja is i ei ramme utanfor Tinghuset og Gamle­kinoen i Voss sentrum. Klokka 18.00 tysdag vart isbanen offisielt opna, men før den tid fekk ein heldig gjeng vera fyrst ut på glattisen.

– Eg har gått på skeiser ein del før, fortel Anna Kosovic Høvset (8).

– Eg og, men eg er ikkje så veldig god, seier veslesyster Vera Kosovic Høvset (6).

Litt skeptisk

Saman med syskena Synneva (10), Oline (7) og Hans Torjus (5) Hegland, Givde Dæmring Suhr (7) og Helena Loose (7), gjekk Anna og Vera på skeiser midt på Vangen tysdag kveld.

– Eg har hatt desse skeisene lenge, men det er fyrst no dei passa. Eg gjekk på skeiser sist då eg var 4–5 år, fortel Synneva Hegland medan ho tek på seg kvite kunstløpsskeiser.

Veslebror Hans Torjus har ikkje skeisa før, og er ein smule skeptisk. Han støtter seg på mamma Tilla Ruud.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - UTSTYR PÅ Anna Kosovic Høvset (8) får hjelp med skeisene av pappa Pavol Kosovic.

UTSTYR PÅ: Anna Kosovic Høvset (8) får hjelp med skeisene av pappa Pavol Kosovic.Foto: Ingvild Siglen Berger

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - LITT USTØ Det vart nokre knall og fall på gjengen, her ved Vera Kosovic Høvset (6). Men med hjelm går det bra.

LITT USTØ: Det vart nokre knall og fall på gjengen, her ved Vera Kosovic Høvset (6). Men med hjelm går det bra.Foto: Ingvild Siglen Berger

Viktig med hjelm

Snart suser alle saman rundt på isen. Det vert både knall og fall, men alle har på hjelm.

– Det er viktig så ein ikkje slår seg, seier Anna.

– Ein kan slå hovudet ganske hardt utan hjelm, og sikkert få hjerneristing, legg Synneva til.

Fleire av dei er ein smule ustøe, men skeisinga går betre og betre.

– Det er faktisk temmeleg vanskeleg. Me må gå fleire gonger og øva oss, seier Vera.

– For å skeisa bra treng ein grei balanse, seier Synneva.

Anna prøver seg på nokre piruettar, og får det heller bra til. Oline skeiser raskt forbi dei vaksne, som ser på.

– Sjå mamma! ropar ho.

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - BRUSKASSAR Det vart litt lettare å stå stødig på skeisene med kassar til støtte. Her ved Oline (til v.) og Hans Torjus.

BRUSKASSAR: Det vart litt lettare å stå stødig på skeisene med kassar til støtte. Her ved Oline (til v.) og Hans Torjus.Foto: Ingvild Siglen Berger

Se dette bildet i full størrelse
Ingvild Siglen Berger - SAMAN PÅ ISEN Mange titals personar tok turen for å testa skeisebanen tysdag kveld.

SAMAN PÅ ISEN: Mange titals personar tok turen for å testa skeisebanen tysdag kveld.Foto: Ingvild Siglen Berger

Kan gå når som helst

Dei byrjar å leika «tikken», og etter kvart kjem ein vaksen berande på fleire gule kassar.

– Eg vil ha bruskasse, ropar Anna.

Borna får kvar sin. Det er litt lettare å halda seg på skeisene når ein støtter seg på ein kasse. Dei held fram med å susa rundt, men etter ei stund er det fleire som legg vekk bruskassane. Dei klarar seg fint utan.

– Dette var gøy. Eg vil gjerne gå her fleire gonger, men eg veit ikkje om eg er så flink, seier Synneva.

– Sidan pappa jobbar her i kommunen, kan me gå når som helst, meiner Vera.

Ho og Synneva set seg på benken for ein pust i bakken. Skeising kan ein verta både tyrst og sliten av.

– Eg skulle ynskja eg kunne drikka isen for eg er så tyrst, fortel Vera.

Snart har dei sju fått selskap av fleire born på isen. Omkring 100 personar var med på opnings­kvelden for isbanen.