annonse

Bane Nor digitaliserer for 2 milliardar kroner

JERNBANEN
JERNBANEN: Bane Nor investerer milliardar i å digitalisera jernbanen i Noreg. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)

Bane Nor skal investera 20 milliardar kroner i moderniseringa av jernbanen. Satsinga­ blir sagt å vera den største moderniseringa av norsk jernbane nokon gong.

  • Trine Andersen/NPK-NTB

Satsinga skal gå føre seg i ein tiårsperiode, og skal ifylgje Bane Nor setja Noreg i førarsetet i Europa innan digitalisering av jernbanen. Det betyr at signala blir formidla ved hjelp av eit nytt IKT-utstyr om bord i toga, og ikkje gjennom dagens analoge ljossignal langs linja.

Føretaket signerte fredag ein teknologikontrakt på 7,5 milliardar kroner med Siemens, som skal levera det nye signalsystemet.

I tillegg kan eit nytt digitalt system for styring av togtrafikken, som også er ein del av satsinga, gjera førarlause tog mogleg i framtida. Systemet skal gje ei meir påliteleg og punktleg styring av trafikken, ifylgje Bane Nor.

Thales er tildelt ein kontrakt på 650 millionar kroner for denne nye programvareløysinga for styring av togtrafikken.

Bane Nor har også tildelt Alstom ein kontrakt på 2 milliardar kroner for leveranse av ERTMS (European Rail Traffic Management System) for tog, lokomotiv og arbeidsmaskiner. Systemet skal erstatta kontrollsystem på køyretøya hos i alt 14 ulike jernbaneføretak.

ERTMS er eit felles europeisk signalsystem EU har arbeidd for i fleire tiår. Målet er å gjera det enklare for togselskap å operera i fleire europeiske land, og dermed auka konkurransen i den indre marknaden i EU.

Leveransen inkluderer systemutvikling, design og ombygging av rundt 400 køyretøy eigd av Norske Tog, Flytoget, CargoNet, Bane Nor og ei rekkje andre selskap.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.