annonse

Barn påkøyrd på E16

LØNO
LØNO: Politiet er på staden (Foto: Ørjan Brattetveit)

Ein tre år gamal gut er alvorleg skadd etter at han vart påkøyrd på E16 på Løno.

Ørjan Brattetveit

Politiet fekk melding om ulukka rundt kl. 11.00. 

– Ein tre år gamal gut vart påkøyrd då han skulle kryssa vegen, seier lensmannsbetjent Per Gunnar Thrane ved Voss lensmannskontor til Hordaland på åstaden. Ulukka skjedde like ved Smalahovetunet. Guten vart køyrd i ambulanse til Voss sjukehus.

Om tilstanden til guten seier Thrane:

– Tilstanden er uviss.  Då politiet fekk meldinga fekk me beskjed om at guten ikkje var medviten, men at han kvikna til etterkvart.

Politiet ser på hendinga som eit tragisk uhell. Lensmannsbetjentane har snakka med vitner. 

– Guten sprang ut i vegen utan å sjå seg om. Han skulle over på andre sida, der faren var, seier Thrane.

Kommunikasjonsrådgjevar i Helse Bergen, Ragnhild Dårflot Olsen opplyser at guten er frakta frå Voss sjukehus  til Haukeland sjukehus. Dette skal ha skjedd i 13-tida.

I 17-tida heiter det i ei pressemelding frå Helse Bergen at guten er alvorleg skadd

Slik var meldinga frå politiet på Twitter: 

– Meldt om trafikkulukke ved at ein bil har køyrd på eit barn. Barnet er henta av ambulansen. Politiet er på staden. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.