annonse

Bebuar sløkte brann i sikringsskåp

RYKTE UT
RYKTE UT: Til brann i Oldesåsen fredag ettermiddag. (Foto: Stine Strand Carlsen/Arkiv)

Fredag ettermiddag tok det fyr i ei hytte i Oldesåsen på Voss.

Siri Flatlandsmo

Klokka 16:35 melde 110 Hordaland om brann på Twitter.

– Bebuaren har sløkt brannen sjølv, skriv brannvesenet.

Oldesåsen ligg inntil løypenettet i Voss ski- og tursenter.

Ikkje meldt om personskadar

Brannvesenet køyrde ut for å kontrollera brannstaden.

Ifylgje politiet skal det ikkje ha vore folk inne i hytta under brannen. 

– Det er opplyst at det ikkje skal vera personar i hytta, skriv Vest politidistrikt på Twitter

Det er ikkje meldt om personskadar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse