annonse

Bergen stasjon open for persontrafikk etter avsporing

OPEN ATT
OPEN ATT: Bergen Togstasjon er open for persontrafikk att etter avsporinga torsdag. (Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix)

Bergen stasjon er igjen opna for persontog etter at ei avsporing ved stasjonen torsdag førte til at alle tog i området vart innstilte.

  • NPK-NTB

Det opplyser Bane Nor på Twitter klokka 7 fredag.

Avsporinga av eit godstog skjedde ved den 7.670 meter lange Ulrikstunnelen i nærleiken av Bergen stasjon natt til torsdag. Vy innførte buss for tog mellom Bergen og Arna, noko som førte til forseinkingar.

Havarikommisjonen for transport er ferdig med undersøkingane sine på staden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse