annonse

Bergensbanen mellom Evanger og Voss er open

RASFARE
RASFARE: Bergensbanen vart torsdag stengt mellom Evanger og Bulken. Fredag morgon opna banen att. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)
STENGT BERGENSBANE
STENGT BERGENSBANE: Biletet vart teke like øst for Evanger torsdag. (Foto: Nils Norheim/Bane Nor)
RAS
RAS: Biletet er frå eit mindre ras ved Stanghelle som gjekk torsdag. (Foto: Marius Jørgensen/Bane Nor)

Bergensbanen var stengt mellom Evanger og Bulken grunna rasfare. Fredag morgon opna den att.

Ingvild Siglen Berger

Det var torsdag at Bergensbanen vart stengt grunna rasfare mellom Bulken og Evanger. Reisande måtte ta bussar mellom Voss og Evanger, medan toga gjekk som normalt mellom Evanger og Bergen. 

Etter vurdering frå geolog vart det fyrst bestemt å stengja banen fram til midnatt, slik at entreprenør kunne byggja opp att deler av sporet. 

Så vart det bestemt at Bergensbanen skulle stengjast mellom Dale og Voss fram til fredag morgon.

Klokka 07.00 fredag vart banen opna att. 

Reisande må rekna med nokre forseinkingar, grunna saktekøyring over den reparerte strekninga. 

La bilen stå

Det var mykje vatn og dårlege køyreforhold på vegane torsdag.

– Viss du ikkje absolutt må ut og køyra, la vera, melde Vest politidistrikt på Twitter. 

Dette gjeld spesielt på E16 mellom Bergen og Voss, i tillegg til omkringliggjande vegar.

Fredag morgon held uvêret Aina fram på Vestlandet. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.