annonse

Berre to av tolv laksar vart genetisk godkjende

STAMFISKE
STAMFISKE: Biletet er frå stamfiske i Granvin i haust, utført av Svein Helge Pedersen og Tore Wiers. Resultatet av dette fisket førte til eitt par å leggja i genbanken, ikkje seks, som ein håpa på. (Foto: Karl Ystanes)

Berre to av tolv laksar fiska i Granvinselva var villfisk nok til å bli brukt i Genbank Hardangerfjord.

Terje Hjartnes

Dette opplyser Sven-Helge Pedersen, som er regional koordinator for genbankarbeidet til Genbank Hardangerfjord.

Dei analyserte fiskane er tolv laks fiska over ein periode i haust og sett i ein stamfiskkum i Granvin, tilhøyrande Granvin fiskarlag.

– Fortvilande

Når ein fiskar til genbanken, tek ein skjellprøve av laksen. Skjellprøven blir fyrst analysert av Veterinærinstituttet. I analysen ser ein på vekstsonene til fisken. Villfisk vil typisk ha smale vekstsoner om vinteren.

Meldinga Pedersen fekk frå Veterinærinstituttet var positiv. Alle 12 fiskane kunne sendast vidare til genanalyse hjå Norsk institutt for naturforsking (NINA). Ifylgje Sten Karlsson, seniorforskar på akvatisk avdeling i NINA, vart åtte av dei tolv klassifisert som villfisk på skjellprøven. Det vil seia at dei har levd fritt, og ikkje er direkte rømt oppdrettsfisk. Dei fire siste var usikre.

Hjå NINA vart graden av oppdrettslaks i fisken analysert, og plassert på ein skala frå 1 til 0. 1 er rein villfisk. 0 er rein oppdrettsfisk. Grensa for kva som er godkjent som villfisk, går på 0,71. 

Resultatet av gentesten var ikkje godt nytt. Berre to av dei tolv laksane vart godkjende. Sju av dei åtte som ifylgje skjellprøven hadde levd vilt, hadde oppdrettsgenetisk opphav, opplyser Karlsson. Éin av dei som var usikre etter skjellprøven, vart også godkjent.

– Det er fortvilande. Me håpte på seks laksepar, men fekk eitt. Det fortel oss noko om behovet for ein genbank. Me er heilt på tampen til å kunna redda dei opphavlege gena til villfisken vår, meiner Pedersen.

Fyrste par frå Granvin

Ifylgje Karlsson vart det i 2015 undersøkt fire fiskar frå Granvinselva. Ingen vart godkjende. I fjor vart sju fiskar undersøkte. Tre vart godkjende, men alle var hofiskar.

– Det er ille. Dette er ikkje noko som viser seg berre i år. Også dei to føregåande åra var tendensen like klar. Oppsummerer ein talet på stamfiskar som er godkjende desse tre åra, så syner det seg vanskeleg å finna villfisk som me trur er av reint villfiskopphav i Granvinselva, seier Karlsson, som er ansvarleg for den genetiske stamfiskkontrollen til NINA.

Det som er godt nytt er at ein i haust fekk eit par, ein hannfisk og ein hofisk, frå Granvinselva til å leggja inn i genbanken. Det er fyrste året ein har kunna senda inn fisk frå denne elva etter tre år med fiske.

– Me må ha eit par å leggja inn, elles er det bortkasta. Heldigvis var den største hannfisken, ein nydeleg fisk, faktisk ein villfisk, seier Sven-Helge Pedersen.

I stor grad

Han opplyser at dei tolv fiskane der berre to vart godkjente, er 6–7 år gammal fisk, altså klekte våren 2010 og våren 2011. Fiskane som er for mykje oppdrettslaks – genetisk sett – kan vera klekte i elva, og treng ikkje vera rømt oppdrettsfisk.

– Det som har skjedd er at rømt fisk har blanda seg med den ville bestanden, meiner Pedersen.

Då prosjektet Genbank Hardangerfjord vart starta, trudde ein Granvinsvassdraget skulle vera det enklaste i Hardangerfjorden å finna rein villfisk i mellom det 22 vassdraga genbanken skal forvalta.

– Oppdrettslaks i elvene er det alltid, i større og mindre grad. I Granvinsvassdraget er det dessverre i stor grad. Det ser ut som villfisk, og er fin fisk mykje av det. Men dessverre er ikkje fisken brukande i vår samanheng. Dette er fisk som skal ut av vassdraga. Det er eit prinsipp i forvaltinga av laksebestandane, seier Pedersen.

Dei 22 vassdraga Genbank Hardangerfjord forvaltar ligg på Stord, i Etne, og i heile Hardanger.

– Fylgje av villa politikk

Han meiner villfisken er ein viktig del av historia og kulturen vår, som me har eit spesielt ansvar for å ta vare på. 

– Dette er fiskar som er tilpassa dei enkelte vassdraga. Dei har brukt 8000 til 10.000 år på å tilpassa seg vassdraget dei høyrer heime i, og så brukar me 30–40 år på å degenerera alt saman.

Pedersen plasserer ansvaret for at villaksen er så genetisk blanda med oppdrettslaks, på politisk nivå.

– Dette kjem som ei fylgje av vilja politikk. Det har ikkje mangla på åtvaringar. Politikarane våre er blenda av profitt, meiner Sven-Helge Pedersen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.